JU6-4000 Kontraktsrett
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Kontraktsretten er læra om inngåing av avtalar, herunder representasjon og fullmakt, tolking av avtalar, samt reglane om ugyldigheit og lemping av avtalar. Dette er avgjerande reglar for å kunne fastlegge om det føreligger ein gyldig og bindande avtale mellom to (eller fleire) partar, og kva som er det nærmare innhaldet i denne avtala.
Hovudproblemet i kontraktsretten er om det er inngått ein rettsleg bindande avtale. Moglegheita til å binde seg ved avtale følgjar av at vi har privat autonomi. Avtalerettsleg binding inneber at dei forpliktingane ein part påteke seg, om nødvendig kan handhevast gjennom bruk av rettsapparatet. Det kan også oppstå spørsmål om kva avtalepartane har bunde seg til. Dette avheng av ein tolking av kva partane har avtalt. Nokon gonger gir ein avtale eit så urimeleg resultat at dette ikkje kan oppretthaldast. I slike tilfelle kan avtala lempast, som inneber at heile eller deler av avtala kan settast til side eller endrast.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, seminar, arbeidsgruppar, løysing av oppgavar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samlet deltaking på seminar og veiledning i gruppar. Inntil 3 skriftlege oppgavar, individuelt arbeid. Ein kan bli pålagt å halde presentasjon eller levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samanheng med seminar. Ein kan og måtte kommentere konstruktivt på andre studentar sine oppgåvesvar.
Alle arbeidskrav må være godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Har ein ikkje fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, må ein gjennomføre samtlege obligatoriske læringsaktivitetar på nytt.
Godkjende arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestrene.
Vurderingsform
4 timer skriftleg eksamen, bokstavkarakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidingar som er tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmannsrettane, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna) og bokmål/nynorsk nettbasert ordbok.
Meir om hjelpemiddel