JU6-6000 Familie- og arverett
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Familieretten tek for seg rettsforholdet mellom ektefeller, både under ekteskapet og ved oppløysing av ekteskapet, samt tilsvarande rettsforhold ved ugift samliv. Sentrale tema er økonomiske rettsverknader av å inngå ekteskap, deling av formuen ved separasjon og skilsmisse, og formuesforholdet mellom sambuare og det økonomiske oppgjeret ved samlivsbrot. Rettsforhold mellom barn og foreldre er ikkje ein del av emnet.
Arveretten handlar om kva som skal skje med ein død person sine økonomiske formue. Dette emnet omfattar reglane om arv ved dødsfall, reglar for å sitje i uskifta bu og reglar omkring tolking, oppretting, tilbakekall og bortfall av testament.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det tilrådd at studenten har teke examen fakultatum.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i små grupper. Munnleg presentasjon av ei seminaroppgåve på seminar (gruppearbeid). Inntil tre skriftlege øvingsoppgåver (individuelt arbeid), inkludert innlevering av utkast til oppgåvesvar. Ein kan og måtte gje konstruktive kommentarar på andre studentar sitt utkast til oppgåvesvar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Har man ikke fått godkjent alle obligatoriske læringsaktiviteter, må man gjennomføre samtlige obligatoriske læringsaktiviteter på nytt.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen, bokstavkarakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidingar som er tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettane, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), bokmål/nynorsk nettbasert ordbok og enkel kalkulator (ikkje programmerbar).
Meir om hjelpemiddel