MGBKØ301 Kroppsøving 2, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på at studentane får auka praktisk-pedagogiske kompetanse, og videreutvikla ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.

Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståelse. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, fair play, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om omgrepet fair play og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for elevar
  • har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar

Ferdigheiter

  • kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
  • kan nytta kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving og kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving

Generell kompetanse 

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule

Krav til forkunnskapar

Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav

Arbeidskrav

  • 80 % frammøte; 100% på turar/ekskursjonar
  • Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve.
  • Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring
  • Et arbeidskrav om profesjonsfaglig digital kompetanse i et samfunnsperspektiv

Godkjente arbeidskrav er gyldige så lenge studenten har eksamensrett.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel