MGBKH301 Kunst og handverk 2, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 2 emne 1 bygger på Kunst og handverk 1 (emne 1 og emne 2). Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 1.- 7. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verkstaden vert knytt til miljøbevisst bruk av materiale og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert.

Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Studentane må betale materialkostnader (kr.750), og dei må sjølv dekke kostnader til ekskursjonar. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om barn sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, samt korleis dette bidreg til å danne deira identitet og livsverden
  • har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike material, teknikkar og estetiske virkemiddel som egner seg i begynnaropplæringa og seinare
  • har kunnskap om hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
  • har kunnskap om korleis lys, rom og farger påverkar læring og samt korleis ein kan organisere skolens ute- og innerom hensiktsmessig

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utnytte materiala sine eigenskapar og kvaliteter, vise innsikt i eigne skapande prosesser og bruke desse kunnskapane i undervisnings- og utviklingsarbeid
  • kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst for hensiktsmessig bruk i opplæringa
  • kan bruke, forklare og demonstrere korleis grunnleggande ferdigheiter kan definerast innanfor faget sin eigenart
  • kan anvende digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon og som reiskap i arbeid med flater, layout, og ulike skrifttypar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar, stimulere og tilpasse opplæringa til elever sine skapande arbeid i tråd med globale og lokale utfordringar
  • viser endringsvilje og engasjement for sjølvutvikling, fag og skule

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/studietur

Arbeidskrav

3 obligatoriske arbeidskrav i form av godkjent obligatorisk oppmøte, 1 godkjent gruppearbeid i form av eit formidlingsprosjekt for barn/ unge og 1 skriftleg arbeid.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Godkjente arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Mappevurdering av praktiske arbeid med tilhøyrande dokumentasjon og skriftleg refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel