MGBKH401 Kunst og handverk 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 2 emne 2 bygger på Kunst og handverk 1 emne 1 og 2 og Kunst og handverk 2 emne 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 1. ¿ 7. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verksteden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert. Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram. Utforskande læringsmåtar skal saman med innføring i vitskapsteori og metode bidra til utvikling av studenten sin sjølvstendigheit, analytiske evner og kritiske refleksjon.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Studentane må betale materialkostnader (kr.750), og dei må sjølv dekke kostnader til ekskursjonar. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om barn sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, samt korleis dette bidreg til å danne deira identitet og livsverden
  • har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike materiale, teknikkar og estetiske virkemiddel som eignar seg i begynnaropplæringa og seinare
  • har kunnskap om hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
  • har erfaringsbasert kunnskap om idéutvikling, relevante forskingsmetodar, vurderings- og presentasjonsformer og om korleis eigne skapande prosesser kan være utgangspunkt for refleksjon og utviklingsarbeid.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utnytte materiala sine eigenskapar og kvaliteter, vise innsikt i eigne skapande prosessar og bruke desse kunnskapane i undervisnings- og utviklingsarbeid
  • kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst for hensiktsmessig bruk i opplæringa
  • kan forklare og demonstrere korleis grunnleggande ferdigheiter kan brukast og definerast innanfor faget sin eigenart
  • kan bruke digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon og som reiskap i arbeid med flater, layout, og ulike skrifttypar
  • kan bruke fagspråk sikkert og funksjonelt, vurdere kvalitet på lærebøker og læremiddel og holde seg oppdatert på relevant faglitteratur og forsking

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar, stimulere og tilpasse opplæringa til elever sine skapande arbeid i tråd med globale og lokale utfordringar
  • er orientert innanfor fagrelevant forsking, både nasjonalt og internasjonalt, og kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid med forskingsmessig og etisk tilnærming
  • viser endringsvilje og engasjement for sjølvutvikling,fag og skule

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Arbeidskrav

  •  4 obligatoriske arbeidskrav i form av godkjent obligatorisk oppmøte, 1 munnleg framlegg i gruppe , 1 skriftleg oppgåve knytt til FoU-arbeidet* og 1 læringsmappe bestående av individuelle faglige oppgaver, øvinger, didaktiske refleksjoner og dokumentasjon som skal kunne framlegges til vurdering.
  • Delta på minst 2 av 3 forskingsdager (1: Dokument- og tekst-analyse; 2: Intervju; 3: Kildekritikk. Etikk) 

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

*Studentar som tek emnet i sitt 4. studieår 4-årig GLU, skal ikkje gjere FoU-oppgave.

Vurderingsform

Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgåve og ei vurderingsmappe.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

  • Oppgåve: FoU-oppgåve som skal vere eit sjølvstendig og forskingsbasert arbeid. Studentar som tek emnet i 4. år i GLU, skal gjere ei semesteroppgåve. Vekting 50%.
  • Vurderingsmappe: Vurderingsmappe med praktiske arbeid og tilhøyrande utprøvingar og dokumentasjon. Vekting 50 %.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel