Hopp til innhald

MGBKØ301 Kroppsøving 2, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, danning, kropp og læring

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på at studentane arbeider for å auke sin praktisk-pedagogiske kompetanse, og vidareutviklar ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.

Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane si faglege og fagdidaktiske forståing. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, danning, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike vurderingsformer og dokumentasjon av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil hjå elevane
  • har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av, og oppleving med bevegelsesaktivitetar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
  • kan nytta fagkunnskap med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • kan vurdere digitale ressursar og sosiale mediar kritisk med utgangspunkt i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald
  • kan kommunisera med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve
  • Oppgåve knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv

Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.

Læringsaktivitetane må vere fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel