MGBSA101 Samfunnsfag 1, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar for barne- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på begynnaropplæring, innføring i grunnleggande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på barne- og mellomtrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.  

Emnet gjev ei innføring i begynnaropplæring og fagdidaktikk i samfunnsfaget og i sentrale tema i historie, geografi og samfunnskunnskap knytt særleg til undervisninga på barne- og mellomtrinnet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til begynnaropplæring, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på barne- og mellomtrinnet
  • har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv 
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane,  og om kulturelt mangfald i Noreg 
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling 
  • har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag 
  • har kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie 

Dugleikar

Kandidaten:

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar  
  • kan leie læringsprosessar som sikrar progresjon i opplæringa og som legg særleg vekt på begynnaropplæring, tidleg innsats, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar
  • kan finne, søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding 

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål  
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert 
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål, særleg knytt til begynnaropplæring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeide og munnleg framføring .

Arbeidskrav

Munnleg framlegg i gruppe. Framlegget kan vera eit digitalt produkt eller innehalde eit digitalt element. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskravet.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Oppgåva skal vere på 2000 ord. Tid for ut- og innlevering av eksamen vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel