MGBSA201 Samfunnsfag 1, emne 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til professjonsrolla som samfunnsfaglærar for barne- og mellomtrinnet, med særleg vekt på begynnaropplæring, innføring i grunnleggande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på barne- og mellomtrinnet. Sentral i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.  

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis studenten ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse tema i skulen.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til begynnaropplæring, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på barne- og mellomtrinnet
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar 
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system 
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv 
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering 

Dugleikar

Kandidaten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen 
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa 
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar 
  • kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål  
  • har  overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert 
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over didaktiske spørsmål knytt til begynnaropplæringa på barne- og mellomtrinnet  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeide.

Arbeidskrav

  • Individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord.  
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.
  • Forskningsseminar: Analysere og tolke vitenskapelige tekster. Faglærerne setter opp minst 3 tekster som studentene leser før diskusjon i grupper (faglærere er gruppeledere og studentene deltar i flere gruppediskusjoner).

Vurderingsform

Individuell skriftleg skoleeksamen, 6 timar.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel