Hopp til innhald

MGBSA301 Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag, emne 1

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet er retta mot barne- og mellomtrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål.

Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emnet har ein balanse mellom lokale og globale tematikkar. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Det skal opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og læringsprosessar i skulen.

Emnet tar for seg klima, miljø og ressursforvaltning, demokrati og menneskerettar, urfolksproblematikk, og identitet knytt til kultur og oppvekst. Emnet gjev grunnlag for å vurdere og tolke ulike type data, som kan brukast i eige forskningsarbeid. Delar av pensum er på engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytt til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap og mangfold 
  • har djupnekunnskap om nasjonale minoritetar og urfolksproblematikk 
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data, og bruke dette til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet på barne- og mellomtrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter, og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen.
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBSA201

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal gjennomføre to obligatoriske arbeidskrav. Nærmere retningslinjer for oppgave og/eller aktivitetet vil bli utlevert ved semesterstart.

Det skal leveres et obligatorisk arbeidskrav der profesjonsfaglig digital kompetanse i et samfunnsperspektiv inngår. Retningslinjer for arbeidskravet vil bli utlevert ved semesterstart.

Obligatorisk arbeidskrav må være godkjent før oppmelding til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent obligatorisk arbeidskrav, kan få eitt nytt forsøk innan fastsett frist.

Vurderingsform

Tre dagers heimeeksamen. Omfang inntil 3000 ord 

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel