Hopp til innhald

MGUMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

MGBMU201 Musikk 1, emne 2 - er ein del av Musikk 1, for GLU 1.-7. trinn.

Emnet vert undervist som fag 1 i fjerde semester.

Musikk 1, emne 2 byggjer vidare på den utøvande verksemda og formidlinga frå Musikk 1, emne 1.

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve, lage og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing.

Studentane skal vidare arbeide med problemstillingar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse, musikkhistorisk medvit, interkulturell kompetanse, norsk og samisk folkemusikk, relevante fagomgrep for grunnskulen, musikk som oppleving og erfaring, musikk som identitetsmarkør og dei tverrfaglege temaa i grunnskulen. Her skal studentane óg få grunnleggjande innføring i metoder og vitskapsteori knytt opp mot musikkfaget.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har forskingsbasert kunnskap om læring, estetiske og kreative læreprosessar og ulike tilnærmingar til progresjon i musikkundervisning
  • har grunnleggjande kunnskap om- og erfaring med musikk og musikalske verkemiddel frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar - og kan setje dette i samanheng med grunnskulens musikkfag
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsverktøy for musikkfaget, og kan vurdere desse kritisk
  • har grunnleggjande kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet og i skulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle musikk gjennom ulike uttrykksformer
  • meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
  • kan improvisere og komponere med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy, og utforme enkle musikkarrangement til bruk i musikkundervisning
  • kan bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidreg til tilpassa musikkopplæring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere
  • kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid,
  • kan ta i bruk musikk som ressurs i arbeid med grunnskulen sine tverrfaglege tema
  • har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald
  • har grunnleggjande innsikt i metode og vitskapsteori

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUMU101 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song, og spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument.

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan den aktuelle læringsaktiviteten gjennomførast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:

  • Aktiv deltaking på kurs i regi av biblioteket, i akademisk skriving
  • Ei skriftleg oppgåve knytt til musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Gjennomføre planlagt undervisning med digitale verktøy i praksisperioden, og erfaringsdeling etter praksis.
  • I dette emnet blir det normalt gjennomført ein ekskursjon til Ole Bull Akademiet på Voss. Kurs og overnatting er gratis, men studentane må berekne eigenandel for kost og losji (700 kr.), og reisekostnadar t/r kursstad. Studentar som er forhindra frå å delta på det obligatoriske kurset i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet, må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid som tilsvarar kursets omfang.
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.

Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.

Vurderingsform

Praktisk eksamen med individuell vurdering, inntil 30 min. Planlegge og gjennomføre eit musikkdidaktisk undervisningsopplegg.

Innhald og informasjon om gjennomføring: sjå retningslinjer som ligg føre ved eksamenstart.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel