MGUMU301 Musikk 2, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Musikk 2 emne 1 kan erstattast med utvekslingsopphold av tilsvarande omfang. Emnet er ope for innreisande studentar.

Sentrale tema i emnet vil vere kulturelt og musikalsk fellesskap, læring og ulike former for samarbeid og samspel på formelle og uformelle arenaer. Studentane skal utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing, og praktisk og teoretisk musikkdidaktikk for grunnskolefaget musikk.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
  • har kunnskap om mangfaldige og inkluderande fellesskap for musikalsk læring
  • har kunnskap om forholdet mellom musikk og emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike praktiske og tilpassa læringsløp i musikk
  • kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har i grunnskulens musikk- og danseopplæring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
  • kan legge til rette for elevvurdering som bygger pa¿ faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering, og kommunisere grunnlaget for vurderinga til elevar og andre

Krav til forkunnskapar

Musikk 1 Emne 1 og 2

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, praktisk undervising individuelt og i heilklasse og grupper, gruppearbeid, skolebesøk og litteraturstudier. Observasjon av, deltaking i og refleksjon rundt musikkpraksiser i og utanfor skulen.

Arbeidskrav

  • Obligatorisk oppmøte
  • Ei praktisk oppgåve
  • Ei skriftleg oppgåve.

Nærare retningsliner vert gitt.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Praktisk individuell eksamen.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Nødvendig musikkutstyr.

Meir om hjelpemiddel