MGUSA301 Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinnet med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Samfunnsfagsstudiet grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
- har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap og mangfold
- har djupnekunnskap om nasjonale minoritetar og urfolkstematikk
- har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
- kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
- kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- MGUSA101 Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1
- MGUSA201 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2
eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal gjennomføre tre obligatoriske læringsaktivitetar. Oppgåve og/eller aktivitet blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen.
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i utdanninga skal knytast til profesjonsfaglig digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere fullført og godkjent seinast tre veker før eksamen. I fall ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 minutt.
Språk: Skandinaviske språk eller engelsk
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel