Hopp til innhald

MGUSA503 Samfunnsfag 3, emne 3 - Forskingsmetodar og kjeldekritikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi kunnskap om fagets metodar, synleggjere samanhengar mellom undersøkingsopplegg og datainnsamling, og sette studentane på masterutdanninga i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Emnet vil relatere metodane til det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg forsking, med vekt på tema som subjektivitet, objektivitet, metodologisk individualisme og kollektivisme, refleksivitet og konstruktivisme. Studentane skal arbeide med ulike metodiske tilnærmingar med vekt på undersøkingsopplegg, gjennomføring av datainnsamling og metodiske utfordringar.

Sentrale undervisingstema:

  • Samfunnsvitskapleg forsking - vitskapsteoretisk forankring
  • Kvantitativ metode: fokus blir lagt på å bli kjent med kvantitative teknikkar, som t.d. spørjeskjema, og korleis desse blir brukt innan samfunnsvitskapleg forsking.
  • Kvalitativ metode: Her blir det lagt vekt på korleis ein kan planlegge og gjennomføre kvalitative forskingsintervju, observasjonar og tekstanalyser
  • Kjeldekritikk: studentane skal arbeide med ulike typar kjelder og øve opp ei refleksiv haldning til det kjeldekritiske apparatet.

Læringsutbytte

Studenten skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg metode.
  • har kunnskap om ulike kvantitative og kvalitative metodar.
  • har kunnskap om forskingsetiske lover og retningsliner, samt god forskingspraksis.
  • har kunnskap om ulike former for datainnsamling, analyse og presentasjon av data.
  • har kunnskap om viktige databasar og arkiv.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lage eit undersøkingsopplegg for eige masterarbeid og grunngje val av metode skriftleg og munnleg.
  • kan vurdere relevante verktøy for innsamling og analyse av empirisk materiale til bruk i eigen undervisningspraksis.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan sjå samanhengar mellom problemstilling, undersøkingsopplegg, datainnsamling og endeleg forskingsresultat, og gjere hensiktsmessige val av metode basert på desse samanhengane.
  • har ei refleksiv haldning til kjeldekritikk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101/102, MGUSA201/202, MGUSA301/302, MGUSA401/402

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar. Det blir sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminar. Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i masteroppgåva. Under arbeidet med skissa skal deler av den takast opp til diskusjon i seminar. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er to obligatoriske læringsaktivitetar i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet 1: Studenten skal delta i oppgåveseminar der eiga prosjektskisse blir presentert, og der studenten også skal vere opponent til minst ei anna prosjektskisse.

Obligatorisk læringsaktivitet 2: Studenten skal skrive ei prosjektoppgåve på inntil 4000 ord som presenterer forskingsdesign og metodar for eiga masteroppgåve. Retningsliner for prosjektoppgåva blir gjort kjent ved oppstart. Prosjektoppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen med varigheit inntil 30 minutt. I munnleg eksamen blir studentane spurde om fellespensum og metodiske problemstillingar knytte til eiga prosjektoppgåve.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel