NAB3032 Dynamisk Posisjonering (DP-Induction)
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Tema i emnet: Koordinatsystem og datum, nøyaktigheitsteori og kvalitetsomgrep, satelittbaserte posisjonssystem, kortdistanse posisjonssystem, akustiske posisjonssystem, mekaniske posisjonssystem, kompass, rørslesensorar og automatiske styresystem med hovudvekt på DP.
Kursbevis blir skrive ut av Simsea. For å oppnå kursbevis krev Nautical Institute ein eigen elektronisk eksamen.
NAB3032 er eit valemne, og eit emne som skal gå studieåret 2024/2025. For seinare år kan valemnetilbodet endre seg, og det er ikkje gitt at dette valemnet vil bli gitt då.
Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna det teoretiske og praktiske grunnlaget for DP-posisjonering og skjøna relevant kvalitetsteori, nøyaktigheits- og feilteori. Dei skal kunna setja opp og betena ein DP-pult med relevante posisjonsreferansar. Studentane skal forstå korleis DP-systemet er integrert i andre system på skipet.
- Ferdigheitar:
Studentane skal trena opp ferdigheitar i å betena DP-pulten. Dei skal vera i stand til å reagera korrekt på ulike alarmar og åtvaringar, og relatera DP operasjonen til miljøpåverknader frå straum, sjø og vind.
- Generell kompetanse:
Kurset dekkjer Nautical Institute sine retningsliner for DP-Induction kurs gjeldande frå 1. januar 2015.
Krav til forkunnskapar
NAB1026 Navigasjon I og NAB1027 Navigasjon II.
Tilleggskrav for nautikk med integrert praksis: NABP1004 Praksis I.
Tilrådde forkunnskapar
NAB1001 Fysikk og NAB2014 Navigasjon III.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og øvingar på simulator.
Obligatorisk læringsaktivitet
100% obligatorisk oppmøte på førelesingar og øvingar. Godkjende gjennomførte simulatorøvingar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Gradert karakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB046 - Dynamisk posisjonering - Reduksjon: 5 studiepoeng