Hopp til innhald

NAB3040 Maritim Helse, Miljø og Sikkerheit

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Dette emnet gir studentane ei innføring i ulike aspekt ved helse, miljø og sikkerheit (HMS) om bord på skip og i reiarlaga. Emnet legg vekt på korleis arbeidet med HMS fungerer som eit organisatorisk verkemiddel for forsvarleg drift av fartøy.

Viktige tema som blir dekte i dette emnet inkluderer:

  • Sikkerheits- og beredskapsleiing: Studentane skal forstå prinsippa og praksisane for sikkerheitsstyring og beredskap i maritime miljø. Dei skal få innsikt i dei organisatoriske rammene som påverkar sikkerheitsarbeidet om bord på skip og i reiarlaga, inkludert lovpålagde krav til reiarlaga sine sikkerheitsstyringssystem. Undervisninga dekkjer sentrale teoriar og forståingsmodellar innan organisatorisk sikkerheit, basert på forskrift om sikkerheitsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretningar.
  • Arbeidsmiljø: Studentane skal tileigne seg kunnskap om kva føresetnader som må vere til stades for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø om bord på skip. Dette inkluderer både fysisk og psykisk helse, basert på Arbeidstilsynet si arbeidsmiljømodell. Emnet dekkjer kjemiske, fysiske, biologiske, ergonomiske, psykososiale og organisatoriske faktorar, samt vurdering av arbeidsmiljøet i samsvar med forskrift om arbeidsmiljø, sikkerheit og helse for dei som har sitt arbeid om bord på skip (ASH-forskrifta).
  • Risikovurdering: Studentane skal få ei innføring i metodar for å evaluere og handtere ulike risikoar i maritime operasjonar. Dette omfattar identifisering, vurdering og kontroll av farar for å betre sikkerheita og minimere risiko.

Ved slutten av emnet vil studentane ha ei heilskapleg forståing av dei regulatoriske krava og dei organisatoriske rammene som støttar helse, miljø og sikkerheit i maritim industri. Dei vil vere i stand til å vurdere og forbetre HMS-tilhøve for å sikre samsvar med gjeldande forskrifter og standardar.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studentane:

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan fagområdet
  • har kunnskap om faktorar i arbeidsmiljøet og konsekvensar for arbeidstakarane si helse, trivsel og velferd dersom dei blir utsette for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ein helsefremjande arbeidsplass.
  • har kunnskap om ulike metodar for risikoanalyse.
  • kjenner til ASH-forskrifta og forskrift om sikkerheitsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretningar sine krav og korleis desse skal ivaretakast.
  • har kunnskap om teoriar og forståingsmodellar knytt til organisatorisk sikkerheit og sikkerheits- og beredskapsleiing.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet HMS.
  • har kunnskap om fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • har kunnskap i maritim engelsk relatert til arbeidsmiljø og sikkerheit.
  • kan oppdatere si kunnskap innan sikkerheitsstyringsprosessar og HMS-arbeid.

Ferdigheiter:

Studentane:

  • kan utføre ei arbeidsmiljøkartlegging og nytte krava i lov- og regelverk samt ulike teoriar, prosessar og metodar for å vurdere faktorar i arbeidsmiljøet.
  • kan planleggje og gjennomføre ei risikoanalyse, vurdere risiko og setje i verk ulike tiltak.
  • kan bruke verktøy og metodar for å jobbe systematisk med HMS-arbeid.
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar relatert til arbeidsmiljø og sikkerheit om bord og i reiarlaga.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving i eit HMS-perspektiv og justere denne under rettleiing.

Generell kompetanse:

Studentane:

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til HMS-arbeid.
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan fagområdet og bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til nyskaping og innovasjonsprosessar.
  • kan planleggje og gjennomføre arbeidsoperasjonar der omsynet til HMS er vurdert og bidra til utvikling av god HMS-praksis i reiarlaga.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminardag, gruppearbeid, omvendt klasserom.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Obligatorisk deltaking på seminardagar, som blir fastsett av emneansvarleg ved semesterstart.
  2. Tilleggsoppgåver eller -aktivitetar, som blir fastsett av emneansvarleg ved semesterstart for å sikre best mogleg samstemt undervisning, og dermed best mogleg utbytte av læringsmåla for studentane.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Eksamen kan gjennomførast digitalt.

Karaktersskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX og Casio fx-991CW. "Enkel kalkulator" er også tillaten (sjå: Hjelpemiddel ved eksamen).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2013 - Tryggleiksleiing - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NABP3005 - Helse, arbeidsmiljø og sikkerheit - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • EVN1017 - Innføring i risikoforståing av kjemikalier om bord på skip - Reduksjon: 1,5 studiepoeng
  • EVN1018 - Innføring i fysisk helserisiko i maritim næring - Reduksjon: 1,5 studiepoeng