NAB3042 Leiing i bærekraftige maritime organisasjonar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Sentrale tema er endringsleiing, verdileiing, relasjonsleiing, "sensemaking", organisasjonskultur, samarbeid og konflikthandsaming. Det vert lagt vekt på utfordringar og dilemma i praksis som er viktige for tilsette på ulike nivå i maritime og maritimt relaterte verksemder.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale tema i emna leiing og organisasjon.
  • har brei kunnskap om sentrale tema innan endring i organisasjonar, verdiskaping og verdileiing. 
  • er godt kjent med omgrep som gruppe og team, samarbeid og konflikt, organisasjonskultur, haldningar og verdiar.

 

Ferdigheiter:   

Studenten

  • kan nytta teori frå pensum til å kjenne att, analysere og forklare sentrale tema innan faget med vekt på utfordringar og dilemma
  • kan reflektere over korleis ein sjølv og andre kan stimulerast til å læra, utvikle seg og vekse som menneske
  • kan utvikle eigen leiarstil

Kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i sentrale utfordringar og dilemma innan faget leiing, og særskilt innan endringsleiing og verdibasert leiing, korleis samarbeid kan skapast og konflikter handsamast
  • har innsikt i eigen væremåte og leiarstil med vekt på samarbeid og konflikthandsaming

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring frå og interesse for maritim og/eller maritimt relatert verksemd. Deltakarane bør vere istand til å forstå skriftleg engelsk og ha evne til kritisk tenking.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar og gruppearbeid

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Mappevurdering. To elementer inngår i mappen.

Gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel