Hopp til innhald

NABP2001 Maritim teknologi

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet dekker relevante regelverkskrav i STCW med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2. I emnet får studentane kunnskap om maskineri, maskinrom system og teknisk skipsutstyr i et berekraftig perspektiv og kor det grøne skiftet i maritim næring står sentralt. Studentane får innsikt i miljøvennlege framdriftssystem og energiberarar. Emnet gir innføring i cybersikkerhet og andre problemstillingar som oppstår som følge av aukande grad av digitalisering. I tillegg lærer studentane om kontinuitetslikninga, Bernoullis likning, strøyming i røyr og krinsprosessar. Dei får innsikt i kompressorar, røyr- og pumpekarakteristikk og driftspunkt.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • Forstår korleis maritime motorar er bygd opp og kordan desse fungerer.
  • Har brei kunnskap om ulike framdriftssystem og kor berekraftige desse er.
  • Har brei kunnskap om operasjon og drift av skip og motoranlegg, samt kuldeanlegg og hydrauliske system.
  • Har brei kunnskap om cybersikkerhet og aktuelle problemstillingar knytt til digitalisering om bord i skip.
  • Har brei kunnskap om termodynamiske prosessar.
  • Forstår korleis termodynamiske faktorar og strøyming kan påverke last og lasteoperasjonar.

Ferdighetar:

Studenten

  • Kan gjennomføre bunkerskalkulasjon, kuldetekniske og hydrauliske utrekningar.
  • Kan bruke kontinuitetslikninga og Bernoullis likning i utrekningar og gjennomføre kalkulasjonar ved hjelp av energilikninga.
  • Kan rekna på termodynamiske krinsprosessar for turbinar, kompressorar, kjølemaskinar, varmepumper og motorar.
  • Kan rekna på trykktap og vurdere røyr- og pumpekarakteristikkar som grunnlag for driftspunkt og regulering.
  • Kan nytta informasjon om klimatiske forhold, temperatur og luftfukt for å vurdere luftkvalitet i eit lasterom.
  • Kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid og treffe grunngjevne val, for eksempel knytt til ressursbruk ved drift av skip.

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan formidle sentralt fagstoff skriftleg og munnleg.
  • Kan utveksle synspunkt om tekniske problemstillingar om framdrift og lasthandsaming, samt relevante erfaringar, med maskinistar og andre om bord, og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kjenner til nytenking og innovasjon innan varme- og strøymingslære og marint maskineri.
  • Har innsikt i relevante utfordringar relatert til digitalisering og grønt skifte i maritim næring.
  • Faget dekker relevante IMO krav som skildra i STCW 78 as amended, tabell A-II/1 og A-II/2.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NAB1001 Fysikk og NABP1002 Matematikk eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, rekneøvingar, eventuelle ekskursjonar, eigenstudium og individuell og gruppebasert studentaktivitet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt skriftleg arbeidskrav knytt til varme- og strøymingslære. Dette må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen i varme- og strøymingslære.


Eitt skriftleg arbeidskrav knytt til marint maskineri. Dette må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen i marint maskineri.

Vurderingsform

To skriftlege eksamensdelar, på 3 timar kvar. Kvar eksamensdel tel 50 %, og begge delane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.


Gradert karakter, A–F.


Skriftleg eksamen kan gjennomførast elektronisk.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjent kalkulator er: Casio fx-991EX og Casio fx-991CW. "Enkel kalkulator" er også tillaten (se: Hjelpemiddel ved eksamen).

Teknisk formelsamling med tabeller (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2011 - Varme- og strøymingslære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB2052 - Marint maskineri - Reduksjon: 5 studiepoeng