OR6-1008 Leiing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset er strukturert i to modular: Modul 1: Internasjonal leiing. Modul 2 Endringsleiing

Emnet gir studentane teoretisk kunnskap innanfor endringsleiing og internasjonal leiing med fokus på internasjonale strategiprosessar og fleirkulturell leiing.

Emnet inneheld følgjande tema:

Modul 1: Internasjonal leiing 

Internasjonal leiing og organisasjonen sin strategiske internasjonaliseringsprosess, Internasjonal leiing utifrå eit multikulturelt perspektiv, Kulturell synergi, Internasjonal kommunikasjon, Internasjonal forhandling.

Modul 2: Endringsleiing:

Drivkrefter for endring, endringa sitt innhald og omfang, endringa sin kontekst, endringsprosessar, endringsstrategiar, leiarstilar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Modul 1: Internasjonal leiing

Studenten skal ha

  • kunnskap om internasjonaliseringsprosessen og kulturens påvirkning
  • kunnskap om kulturelle dimensjonar i eit multinasjonalt perspektiv
  • kunnskap om kulturell synergi

Modul 2: Endringsleiing

Studenten skal 

  • kjenne omgrep, teoriar og modellar innanfor endringsleiing
  • ha kunnskap om endringsprosessar og endringsstrategiar
  • ha kunnskap om leiarstilar ved organisasjonsendringar

Ferdigheiter:

Modul 1: Internasjonal leiing

Studenten skal

  • identifisere kulturforskjeller på tvers av nasjonar.
  • identifisere mulege konsekvensar som følge av kulturforskjeller.
  • planlegge internasjonale forhandlingar.

Modul 2: Endringsleiing

Studenten skal

  • bruke teori og modellar til å gjennomføre ein analyse av planlagt endring.
  • ved hjelp av teori og modellar, drøfte og reflektere bruk av ulike endringsstrategiar og leiarstilar.     

Generell kompetanse

Modul 1: Internasjonal leiing

Studenten skal

  • bli bevisst på utfordringar og moglegheiter knytt til internasjonalisering og leiing av internasjonaliseringsprosessar
  • bli bevisst på nasjonale kulturforskjellar og reflektera kva påverknad dette har på leiing av organisasjonen med utganspunkt i teori og forskning.

Modul 2: Endringsleiing

Studenen skal

  • forstå kva handlingsrom leiarar kan skaffe seg og kva avgrensingar leiarar har når det gjeld å få til endringar i ulike organisasjonar
  • kunne analysere og drøfte problemstillingar med utgangspunkt i moderne teoriar og modellar innanfor leiingsfaget

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

OR6-1005 Strategi eller tilsvarandeOR6-1001 Organisationsteori eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Foreleninger og gruppearbeid.

Arbeidskrav

  • Eitt skriftleg arbeidskrav
  • Fleirvalgsoppgåve
  • Godkjent/Ikkje godkjent
  • Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR6-1002 (1) - Leiing og strategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • RE6-209 (1) - Serviceledelse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-302 (1) - Endringsleiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng