RE6-1000 Reiselivskunnskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane lære grunnleggande teori, definisjonar og omgrep innanfor reiselivet. Dei skal få ei forståing for reiselivshistorie og reiselivsnæringa i dag .  Vidare skal studentane lære om  formål med reisa og marknaden, om det heilskapelege reiselivsproduktet og berekraftig reiseliv,  service og opplevingar, reiseliv og miljø, ulike reisemønster og aktørane i reiselivsnæringa samt makroøkonomiske forhold som påverkar reiselivsnæringa.

Studentane får og tilbod om ekskursjon til Flåm  og Lærdal i dette emnet. 

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap: 

- om reiselivet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet. 

- om sentrale omgrep og definisjonar i reiselivet. 

- om utviklingstrekk og trendar i reiselivet. 

- om korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman

- om ulike formål med reisa og marknaden 

- reiseliv, berekraft og miljø. 

- korleis makroøkonomiske forhold påverkar reiselivet. 

Ferdigheiter: 

- at studenten kan nytte relevant informasjon til å lage ei produkt/markedsmatrise

- at studenten kan presentere korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman. 

- at studenten kan reflektere over kva makroøkonomiske forhold påverkar reiselivet og korleis. 

- at studenten kan vurdere kva som er formål med reisa til ulike målgrupper. 

- at studenten kan presentere ulike dilemma innan reiseliv og miljø og gjere greie for kva kjenneteiknar berekraftig reiseliv. 

Generell kompetanse: 

- at studenten kan finne relevante problemstillingar innan reiselivet. 

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, seminar og gjesteførelesingar.

Arbeidskrav

Det er 2 arbeidskrav i dette emnet: . 

1) Skriftleg/digital individuell oppgave. 

2) Skriftleg individuell oppgave. 

 

Begge arbeidskrav må vere bestått for å ta eksamen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. 

Bokstavkarakter. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-104 (1) - Reiselivskunnskap - Reduksjon: 5,5 studiepoeng