RE6-2007 Event Management 1
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Events og MICEE-segmentet er ein viktig del av reiselivsnæringa og kunnskap om utvikling og leiing av ulike typar events er nyttig. Å kunne utnytte lokale ressursar i produktutvikling på destinasjonen og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurransefortrinn i dagens marknad..
Dette emnet er praktisk orientert og skal gje kunnskap om dei ulike typar events som gjerne blir referert til i reiselivsnæringa, dvs. møter, kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement generelt.
Ved å ta del i utvikling og planlegging av eit arrangement skal studenten lære seg praktisk gjennomføring av arrangement.
Sentrale tema i emnet er:
- Grunnleggjande forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangement
- Kjenneteikn ved ulike events
- Trendar i marknaden
- Attraksjonskraft til eit event
- Organisering og leiing
- Tema, opplevingsverdi og konsept
- Frivllige og leiing av frivillige
- Sponsorar
- Marknadsføring, PR og media
- Eigarskap og styring
- Økonomi
- Ringverknader
- Events i strategisk destinasjonsutvikling
- Evaluering
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:
- omgrepet MICEE i norsk og internasjonalt perspektiv. Studentane skal kunna definera innhaldet i katagoriene møte, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv-reiser og kva som kjenneteiknar desse
- ha kunnskap om berekraftig, heilskapleg utvikling av arrangement
- ha kunnskap om møte og arrangement historia si, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- ha kunnskap om korleis ein planleggjar og utviklar events med fokus på berekraft, innovasjon og bruk av ny og relevant teknologi
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan kandidaten nytta ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:
- kunne planleggja og utvikla eit event frå ide til evaluering
Generell kompetanse
Ved fullført emne kan kandidaten:
- finna, bruka og visa til relevant informasjon og fagstoff om events og framstilla det slik at det løyser ei problemstilling
- læra samanhengen mellom berekraftig reiseliv og events
- reflektera over rolla til arrangement i eit destinasjonsperspektiv
- reflektera over rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppeoppgåver, workshop og praktisk arbeid med eige seminar på campus med meir
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil 2 arbeidskrav.
Eit av arbeidskrava er å planlegge og gjennomføre eit event på campus med inntil 20-30 timar med praktisk arbeid per student.
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen i gruppe (2-4 stk), to dagar, 100%.
Karakter: A-F, der F svarar til ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-2005 - Utvikling og leiing av arrangement - Reduksjon: 7,5 studiepoeng