Hopp til innhald

RE6-2010 Temabaserte opplevingar & storytelling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I tematiserte opplevelser og storytelling lærer studentene om produktutvikling innan det vi referer til som tema-og nisjebasert reiseliv. Korleis bruke kulturelle ressursar, både fysiske og immaterielle frå ide til ferdig opplevelse.

Storytelling er ofte brukt i tematiserte opplevelser og ein sentral del av emnet tek derfor for seg historiefortelling som verktøy, både som del av ei oppleving eller som ein total opplevelse.

Læringsutbytte

At studentane har kunnskap om

  • Om sentrale tema innan temabasert reiseliv som t.d. helse, transport, kulinarisk turisme (mat og drikke), slektsgransking og andre typar turisme med utgangspunkt i natur- og kulturarven vår.
  • Om servicemøte og opplevingsrommet og faktorar som påverkar dette servicemøte
  • Bruk av historier i temabasert reiseliv og opplevingsnæringane
  • Korleis teoretiske rammeverk og dramaturgi blir nytta i produktutvikling , historier og opplevingar
  • Viktigheita av teatralske og forteljarkomponentar i servicemøte.
  • Ulike digitale plattformer og sosiale media til ulike typar tematiserte produkt og historier
  • Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor området tematiserte opplevelser og storytelling
  • Historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til faget tematiserte opplevelser og storytelling

Ferdigheiter

At studentane skal vere i stand til å:

  • Finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og legge det fram
  • Skape meiningsfulle produkt og opplevelser innan temabasert og nisjebasert reiseliv
  • Skape meiningsfulle forteljingar, enten som del av ei oppleving eller som ei totaloppleving
  • Identifisere problemstillinger og finne, vurdere og vise til informasjon og faglitteratur som kan løyse ei problemstilling
  • Bruke historier og formidle dei gjennom opplevingsrommet, suvenirar og tilsette
  • Utforske korleis historier kan bli brukt til å binde saman folk og samfunn, besøkande og destinasjonar.

Generell kompetanse

Studentane skal vere i stand til å :

  • Finne og bruke ressursar, både materielle og imaterielle som bygningar, tekst, informasjon og personlege historier, evaluere og bruke det, og absorbere det til opplevelser, forteljingar og historier. ,
  • Planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, både åleine og i gruppe innan tematiserte opplevelser og storytelling
  • Formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skritfleg og munnleg og andre relevante utrykksformer som kan utveksle synspunkt og erfaring med andre innan same fagområde som fører til utvikling av god praksis
  • Kjenne til nytekning og innovasjon innan tematiserte opplevelser og storytelling
  • Sjå samanhengen, utvikle og reflektere over linken mellom temabasert reiseliv og berekraftig reiseliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid, feltarbeid, praksis, sjølvstendig arbeid, praktiske øvingar, digitale læringsformer, bedriftsbesøk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav som må vere bestått for å ta eksamen

Vurderingsform

Heimeeksamen i gruppe (2-4 stk), tel 100% av karakter.

Karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-2003 - Temabasert reiseliv - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BRL109 - Storytelling - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • FØS8200 - Temabaserte opplevingar & storytelling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng