SA571 Menneske mellom natur og samfunn
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet er del av eit nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt.
Emnet tek opp sentrale sosiologiske og kulturhistoriske perspektiv på forminga av kroppen og kroppsbilete i vestlege samfunn. Ei sentral tilnærming i emnet er at kunnskap om mennesket som fysisk og psykisk vesen, kan leggje viktige rammer for kva type sosial orden ein har i samfunnet. Til dømes er moderne medisin, statistikk og andre former for profesjonell kunnskap om menneskekroppen ein føresetnad for opparbeidinga av moderne velferdstilbod, helsestell og sosial kontroll. Emnet rettar søkjelyset mot institusjonar og kulturelle prosessar som både direkte og indirekte har endra forståinga av menneskekroppen som fysisk, sosialt og kulturelt fenomen. I tillegg løftar det fram kva konsekvensar desse prosessane kan ha i høve både individuell sjølvforståing og politiske og økonomiske maktforhold. Emnet nærmar seg desse spørsmåla med utgangspunkt i historisk og sosiologisk analyse. Studentane skal også opparbeide innsikt i korleis biologiske og sosiale forhold verkar saman i skapinga av kroppen. Etter gjennomført emne skal studentane kunne bruke desse perspektiva til kritisk refleksjon over korleis kunnskap om mennesket medverkar til normdanning og regulering av individuell og kollektiv åtferd.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- har studenten grunnleggjande kunnskap om menneskekroppens status i samfunnsvitskapleg og kulturhistorisk forsking.
- kan studenten gjengi hovudtrekka i analysane av kroppens og psykens historie, særskilt knytt til omgrepa om sivilisering og disiplinering.
- har studenten kunnskap om korleis mennesket er og har vore gjenstand for sosialt engasjement gjennom ulike former for ideologi, kontroll, ekspertise og politikk.
- har studenten forståing for korleis dagens idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv speglar idear om menneskekroppen og meir allment ein historisk skapt «kroppskultur».
Ferdigheiter
- kan studenten vurdere og forstå dagsaktuelle politiske og offentlege ytringar om kva mennesket er og treng i eit historisk og sosiologisk perspektiv.
- kan studenten nytte kunnskapen frå emnet til å tolke og formidle fenomen i samtida som inneber kontroll og styring av menneske og menneskeleg åtferd.
Generell kompetanse
- kan studenten nytte ulike faglege perspektiv i refleksjonar og debatt om kva for avgrensingar og ressursar som ligg i menneske som aktørar i seinmoderne samfunn.
- kan studenten vurdere korleis oppfatningar om kropp og psyke inngår i normativ oppvurdering og nedvurdering av enkeltmenneske og grupper i samfunnet.
- kan studenten reflektere over forholdet mellom menneske, natur, sport og friluftsliv med basis i historisk- sosiologiske synsmåtar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
60 studiepoeng i samfunnsvitskap, historie eller i profesjonsstudium (t.d. lærar, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid, vernepleie).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og skriftleg innlevering, sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skriv ein tekst av omfang 800 - 1000 ord innan ein frist sett av faglærar. Vurderingsform på arbeidskravet: Greidd/ ikkje greidd.
Studentane blir gitt tilbod om deltaking i felles oppgåveseminar med rettleiing til arbeidskravet.
Vurderingsform
5 timar skriftleg, individuell eksamen. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel