Hopp til innhald

SA608 Historie fordjuping: Kunnskapshistorie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Vår tid blir gjerne kalla eit kunnskapssamfunn eller jamvel eit forskingsavhengig samfunn. Korleis kan vi forstå vitskap og kunnskap i breiare forstand i eit historisk perspektiv? Dette emnet tek for seg nokre innfallsvinklar til slike spørsmål, der endringar innanfor vitskap, forsking og teoretisk kunnskap blir sett i ein større historisk kontekst, og der vi prøver å identifisere viktige samfunnsmessige, sosiale og institusjonelle vilkår for det som skjedde. Særleg vil vi drøfte korleis vitskapen har utvikla seg ved ein stadig større kontroll over verda den studerer, frå passiv observasjon via eksperiment til oppkomsten av såkalla tekno-vitskaplege kompleks, der forsking, produksjon og økonomi går saman i ein saumlaus vev.

Første bolk av kurset er fortrinnsvis bygd opp kronologisk, og følgjer den historiske utviklinga frå overgangen mellom mellomalderen og nyare tid til i dag. Seinare førelesingar tek i større grad for seg enkeltståande tema frå relevante fagtradisjonar, som profesjonsforsking og kunnskapssosiologi.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten…

  • har brei kunnskap om dei tilnærmingane til studieobjekta som har dominert den moderne vitskapen i ulike periodar; naturhistorie, analyse, eksperimentalisme og teknovitskap
  • kan greie ut om forholda mellom kunnskap og samfunn i ulike epokar, i så vel demokratiske som totalitære samfunn
  • kan greie ut om kjenneteikn på moderne profesjonar og om ulike teoriar for korleis dei har vakse fram
  • kjenner grunnleggjande kunnskapssosiologisk terminologi, som kunnskapssirkulasjon, modus 1 og 2 samt aktør-nettverk-teori

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte korleis teorietisk kunnskap er institusjonalisert i dag, og setje dette i eit historisk perspektiv
  • kan gjere greie for motspel og medspel mellom kunnskap og politikk i fortid og notid
  • kan vurdere vitskapsutøvaranes eigen historiebruk med eit kritisk blikk

Generell kompetanse

Studenten kan…

  • skrive ein tekst om eit kunnskapshistorisk tema basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
  • ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny kunnskapshistorie

Krav til forkunnskapar

Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar)

Tilrådde forkunnskapar

Første året av bachelorstudiet i historie eller årsstudium i historie.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel