SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om sosialt arbeid i lys av omgrep i sosiologi, sosialpsykologi og utviklingspsykologi. I tillegg skal studentane tileigne seg kunnskap om migrasjon og interkulturell forståing.
Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i kommunikasjon med utgangspunkt i interaksjonistisk perspektiv og utdjuping i kommunikasjons - og relasjonskunnskap.
Studentane skal trene på å skrive akademiske tekstar. Innholdet i emnet er organisert i tre tema; sosiologi, psykologi og sosialt arbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
- har kjennskap til vilkår for meistring og utvikling hos barn, unge, vaksne og eldre.
- kjenner til kva betyding levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og aktiv deltaking har i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn.
- har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår.
- har kunnskap om teoretiske perspektiv i sosialt arbeid og andre relevante fagområde.
- har kjennskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i en samfunnsmessig samanheng.
- har kjennskap til omgrep innan migrasjon og interkulturell forståing.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i individuelle samtalar med brukarar/klientar.
- kan reflektere over kulturelle skilnadar og korleis dette har betyding for individ og samfunn.
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse: Studenten…
- har innsikt i forhold som medverkar til sosial ulikskap.
- kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levemåte.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet er undervisninga gitt som undervisning i klasserom, digital undervisning, seminar, veiledning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i gruppe. Det nyttast filming ved ferdighetstrening.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjon. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i ferdighetstrening i kommunikasjon, Shulmanseminar. Krav om minimum 80% deltaking.
- Refleksjonsnotat i tilknytning til Shulmanseminaret, med vurdering godkjent/ ikkje godkjent, uten tilbakemelding/kommentar.
- Individuell skriftlig oppgåve knytt til psykologi og sosiologi på inntil 1500 ord, med vurdering godkjent/ikkje godkjent, uten tilbakemelding/kommentar.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Skuleeksamen 5 timar skriftlig individuell eksamen.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsutrykk Gradert karakterskala, der A-F er greidd og F svarar til ikkje greidd.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BSO114 - Vitkapsteori, forskingsmetode, sosiologi, psykologi - Reduksjon: 14 studiepoeng
- BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 1 studiepoeng
- SOS5-106 - Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap - Reduksjon: 15 studiepoeng