BØA203 Mikroøkonomi 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld grunnleggande teoriar og modellar innan fagfeltet mikroøkonomi. I konsument- og produsentteorien analyserer ein høvesvis konsumentane og produsentane sin økonomiske tilpassing. I marknadsteorien studerer ein korleis prisar vert danna i ulike marknadsformer med hovudfokus på fullkommen konkurranse og monopol, men og ein introduksjon til monopolistisk konkurranse og oligopol. Med utgangspunkt i marknadsteorien studerer ein kva konsekvensar marknadsform og offentlig inngripen har for samfunnsø­konomisk effektivitet. Siste tema er eksterne effektar og andre former for marknadssvikt, og korleis offentlige tiltak kan bidra til en meir effektiv ressursbruk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal kandidaten ha oppnådd slik kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap:

Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om:

  • Grunnleggande omgrep og modellar innan mikroøkonomi
  • Korleis modellane kan nyttast til å drøfte enkeltaktører sin økonomiske åtferd og samspelet mellom desse i ulike marknadsformer
  • Kriterier for økonomiske effektivitet og situasjonar der ein har marknadssvikt
  • Korleis styresmaktene sin politikk kan påverke enkeltaktørers åtferd og dermed prisar, effektivitet og fordeling av samfunnsøkonomisk overskot

Dugleik:

Ved fullført emne kan kandidaten anvende sin faglege kunnskap til å:

  • Analysere konsumentane sin økonomiske tilpassing med utgangspunkt i preferansar, prisar og inntekt
  • Analysere produsentane sin økonomiske tilpassing med utgangspunkt i produksjonsteknologi og prisar
  • Analysere korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar fører til ein marknadslikevekt
  • Presentere og drøfte marknadslikevekt i ulike konkurransesituasjonar og ved offentlig inngrep
  • Analysere situasjonar der marknader ikkje fører til ein samfunnsøkonomisk effektiv ressursbruk, marknadssvikt, og kva styresmaktene kan gjøre for å medverke til ein meir effektiv ressursbruk

Generell kompetanse:

Ved fullført emne har kandidaten:  

  • Forståing for forholdet mellom enkeltaktørane sine val og dei samfunns­økonomiske konsekvensane
  • Evne til å kunne reflektere over hendingar og økonomisk politikk som vedkjem marknader og marknadsaktørar   

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA111 Matematikk eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar. Oppgåveløysing.

Arbeidskrav

Studenten må ha godkjent to arbeidskrav for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

4 timer skriftlig skoleeksamen. Karakterskala A - F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Same kalkulator som vert nytta i BØA111 Matematikk, men minnet må være tomt.

Alle kalkulatormodeller er tillatt, med følgende unntak

- kalkulatoren skal ikke ha mulighet for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikke kunne behandle symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikke kobles til strømnettet

- kalkulatoren må ikke lage støyhttps://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA022 (1) - Samfunnsøkonomi I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA0671 (1) - Mikroøkonomi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB024 (1) - Mikroøkonomi og offentlig økonomi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1024 (1) - Mikroøkonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØSO001 (1) - Mikroøkonomi 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1106 (1) - Mikroøkonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SØ6-1001 (1) - Samfunnsøkonomi mikro - Reduksjon: 7,5 studiepoeng