MGBKH201 Kunst og handverk 1, emne 2

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytta til gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, material, reiskap og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Material, fargar, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.-7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet.Undervisninga tar opp skulefaget sin historie fram til i dag og legitimerer det som allmenndannande. Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskap Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
  • har grunnleggande kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor handverk, design, arkitektur og kunst kan tolkast og brukast som utgangspunkt for barn og unge sine skapande arbeid i begynnaropplæringa
  • har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhørande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
  • har kunnskap om korleis ulike medium kan brukast til formidling og faglig oppdatering
  • har erfaringsbasert kunnskap om utforskande arbeidsmetodar i faglege tema.

Ferdigheiter Kandidaten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
  • kan analysere og formidle mangfaldet i lokal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel
  • kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
  • kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering på ein måte som også tek vare på begynnaropplæring og dei fem grunnleggande ferdigheitene
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer

Generell kompetanse Kandidaten

  • kan legge til rette for barn og unge sitt skapande arbeid med material som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • forstår korleis val av materiale, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer

Krav til forkunnskapar

Kunst og håndverk MGBKH201 bygger på MGBKH101

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid på verkstedene, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur

Arbeidskrav

3 obligatoriske arbeidskrav i form av godkjent obligatorisk oppmøte, eitt munnleg framlegg i gruppe og ei skriftleg oppgåve. 

-          Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.

Retningslinjer for arbeidet vil liggje føre ved semesterstart

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel