MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei første 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk i begynnaropplæringa gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar
Studenten

  • har noko kunnskap om barns språkutvikling
  • har kjennskap til språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om den første lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om andrespråkselevars språksituasjon og kjennskap til den samiske språksituasjonen
  • har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar
  • har kunnskap om tekstar for barn med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver og læringsressursar for trinn 1-4

Ferdigheiter
Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje grunnleggjande ferdigheiter for alle elevar
  • kan bruke ulike arbeidsmåtar i den første lese og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan lese tekstar på grannespråka

Generell kompetanse
Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og språkferdigheiter
  • har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, meningsfeller/dialogpartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det må derfor leggjast opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtaler og diskusjonsinnlegg. Klasseundervisninga er obligatorisk. Fråvær utover 20% fører til at studenten ikkje får gå opp til eksamen.

Arbeidskrav

Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Studentane må syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den første lese- og skriveopplæringa, eitt skal vere skriftleg og knytt til akademisk skriving og eitt skal dokumentere kjennskap til vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Målform: Nynorsk Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend ordbok eller ordliste.