MGUKH201 Kunst og handverk 1, emne 2

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i design, arkitektur og kunst. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytt til gjeldande læreplan for 5¿10 trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av material og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i material. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
  • har grunnleggande  kunnskap om barn og unges to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet 
  • har grunnleggande  kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor design,  kunst og arkitektur, men også innan handverk, kan tolkast og brukast som utgangspunkt for unge menneske sitt skapande arbeid 
  • har grunnleggande  kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser 
  • kan analysere og formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar 
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel 
  • kan bruke og vedlikehalde relevante reiskap, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar) 
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk 
  • kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering på ein måte som også tek vare på dei fem grunnleggande ferdigheitene 
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for barn og unge sitt skapande arbeid med material som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form- relaterte problem 
  • forstår korleis val av material, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet  
  • kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer 

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur

Arbeidskrav

For studentar som har emnet som Fag 1:

  • Obligatorisk frammøte til undervisning (80%)
  • Munnleg framlegg i gruppe
  • Skriftleg individuell oppgåve

For studentar som har emnet som Fag 2:

  • Obligatorisk frammøte til undervisning (80%)
  • Munnlegg framlegg i gruppe
  • Skriftleg individuell oppgåve

Generelt:
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen. Studenten må forventa ein kostnad på ca.750 kr. til materialer.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld praktiske arbeid med dokumentasjon og skriftleg refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle