Hopp til innhald

MGUMU301 Musikk 2, emne 1 - Musikalske møte i og utanfor klasserommet

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

MGUMU301 Musikk 2, emne 1 - er ein del av Musikk 2, for GLU 5.-10. trinn.

Emnet vert undervist som fag 1 i sjette semester.

Musikk 2, emne 1 byggjer vidare på utøving og formidling frå Musikk 1, emne 1 og 2, og set dette i samanheng med ulik musikalsk og pedagogisk verksemd.

Musikk 2 emne 1 kan erstattast med utvekslingsopphald av tilsvarande omfang. Emnet er ope for innreisande studentar.

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve-, lage-, og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing.

Sentrale tema i emnet vil vere kulturelt og musikalsk fellesskap, læring og ulike former for samarbeid på formelle og uformelle arenaer. Studentane skal utvikle sin musikalske og fagdidaktiske dømmekraft og klokskap gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing med tanke på tilpassa opplæring, elevmedverknad, inkludering og mangfald.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk, gjennom nasjonal og internasjonal forskningslitteratur
  • har kunnskap om mangfaldige og inkluderande fellesskap for musikalsk læring
  • har kunnskap om forholdet mellom musikk og emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike praktiske og tilpassa læringsløp i musikk
  • kan utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing, arrangering/komponering og refleksjon og utforsking i møte med lytteopplevingar
  • kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har for musikk- og danseopplæring, og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa i skulen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
  • kan legge til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering, og kommunisere grunnlaget for vurderinga andre

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUMU101 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

MGUMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten

eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format.

Observasjon av og refleksjon rundt musikkpraksisar i og utanfor skulen.

Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan den aktuelle læringsaktiviteten gjennomførast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:

  • Ei praktisk, og ei skriftleg oppgåve - kor ei av oppgåvene skal handle om profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv (jf. fagovergripande tema i studieprogramplanen).
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.

Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.

Vurderingsform

Praktisk, individuell eksamen i musikalsk leiing.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Nødvendig musikkutstyr.

Meir om hjelpemiddel