MGUNA503 Naturfag 3, emne 3 - Naturfagdidaktikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet inngår i masterdelen av studiet, og er plassert i vårsemesteret 4. studieår. Gjennom å gje djupare innsikt i fagdidaktisk teori er emnet med å gje grunnlag for arbeid med profesjonsretta masteroppgåve i naturfag og analyse av undervisning og undervisningsressursar. I løpet av emnet skal studenten utvikle forslag til problemstilling og metode til  masteroppgåve 5. år. Emnet skal også gjere studentane i stand  til profesjonell  grunngjeving,  planlegging og gjennomføring av eiga undervisning. Emnet er knytt til praksis gjennom obligatoriske oppgåver som skal fremje utprøving av teori og analyse av praksis. 

Emnet har utdanning for berekraft i naturfag som overordna tema og tar opp undervisningsmåtar  i naturfag som skal fremje handlingskompetanse og demokratisk deltaking. Emnet tar opp argument knytt til korleis grunngjeving av faget og  naturvitskapen sin eigenart kan få konsekvensar for arbeidsmåtar i faget. Emnet tar opp fagdidaktisk teori knytt til læring gjennom praktisk arbeid, feltarbeid, dialog, skriving og lesing samt bruk av ulike representasjonsformer som metodar og som læringsmål i undervisninga. 

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper   

Studenten 

  • har avansert kunnskap om  ulike tilnærmingar til undervisning for handlingskompetanse, berekraftig utvikling og demokratisk deltaking. 
  • har inngåande kunnskap om korleis naturvitskapleg kunnskap vert nytta (kan nyttast) i argumentasjon knytt til aktuelle saker i samfunn og kvardagsliv
  • har avansert kunnskap om korleis dialog og tekstarbeid er nødvendig i utforskande arbeidsmåtar 
  • kan inngåande drøfte utforskande arbeidsmåtar i lys av naturvitskaplege arbeidsmåtar, tilpassa opplæring og kompetansemål for opplæringa 
  • har inngåande kunnskap om bruk av samtalar, skriving, lesing, rekning og IKT i faget mellom anna i lys av omgrepa representasjonsformer, naturvitskapens språklege kjenneteikn og kunnskapstransformering

Ferdigheter     

Studenten kan

  • anvende inngåande innsikt i overordna målsettingar for naturfag til å planleggje og grunngje undervisning.
  • drøfte bruk av praktisk arbeid og  læringsarenaer utanfor skolen i lys av relevante læringsteoriar og forskingsresultat. 
  • grunngje korleis ulike planlagde aktivitetar kan inkludere elevar med ulik bakgrunn og fremje utvikling av kompetansar knytt til berekraftig utvikling og demokratisk deltaking. 
  • nytte innsikt i naturvitskaplege tenke- og arbeidsmåtar til å legga til rette for opplæring i naturvitskapen sin eigenart og kritisk tenking.
  • drøfte og vurdera oppgåver og elevtekstar mellom anna i lys av teori og forsking om ulike former for tenkeskriving og skriving i naturfaglige sjangrar 
  • drøfte korleis ulike typar oppgåver, spørsmål og aktiviteter kan fremje analytisk tenking og språkleg aktivitet hos elevene
  • kritisk vurdere eigne og andre sine undervisningsaktivitetar i lys av  kompetansetenking og sentrale omgrep frå læringsteori og forsking.

Generell kompetanse    

Studenten kan

  • formidle og kommunisere naturfagdidaktiske problemstillingar knytt til utøving av læraryrket til aktørar i og utanfor skulen
  • drøfte korleis naturfaget  kan medverke til danning  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 60 studiepoeng fra Syklus 1 i lærarutdanninga eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene i emnet inkluderer forelesingar, seminar og oppgåveskriving. Deler av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviegrupper.

Arbeidskrav

Det inngår tre obligatoriske oppgåver i emnet der også innsamling og analyse av data frå praksisfeltet er ein del av oppgåvene.

Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav er gyldige i de to påfølgende semester etter godkjenningen

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Eit av dei obligatoriske arbeidskrava inneber utvikling av problemstilling og forslag til metode i masteroppgåva 5. år.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt. Førebuingstid 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel