MGUSA201 Samfunnsfag 1, emne 2

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis ein ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Kandidaten 

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. 
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar 
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system 
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv 
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering 

Dugleikar 

Kandidaten 

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen 
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa 
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding 

Generell kompetanse 

Kandidaten 

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål  
  • har  overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert 
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeide. 

Arbeidskrav

For studentar som har emnet som Fag 1: Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.

For studentar som har emnet som Fag 2: Munnleg framlegg i gruppe. Framlegget skal vera eit digitalt produkt eller innehalde eit digitalt element.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skoleeksamen, 6 timar.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen