Hopp til innhald

ØSS113 Makroøkonomi II

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Kurset byggjer på BØA118 Makroøkonomi I og lærestoffet frå dette kurset er ein integrert del av kurset. Kurset tar sikte på å gjere rede for ein del teoriar som det ikkje var plass til i BØA118. Videre vil kurset leggje vekt på å få fram aktuelle emne og avspegle dei aktuelle makroøkonomiske nyhendene. Dermed kan kurset bli noko ulikt frå år til år.

Sentrale tema er:

Ulike økonomiske modellar som gjev perspektiv på makroøkonomiske hendingar.

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kurset tar mål om at studenten skal

  • Kjenne alternative teoriar som ikkje vart behandla i BØA118 så som.

    • Rasjonelle konsumentar og ricardiansk ekvivalens
    • Interaksjon mellom reell og nominell makroøkonomisk forståing
    • Ulike paritetar (rente-, kjøpekrafts-, realrente-)
    • Valutakursar på kort og lang sikt
    • Ulike valutakursregimer
    • Stabiliseringspolitikk og pengepolitisk regel
    • IS-PC-MP modell
    • Valutaunion
    • Finanskriser og bobleteori
    • Økonomisk politikk i eit spel mellom rasjonelle aktørar og politikarar (tidsinkonsistens, «Inflasjon bias»)
    • Problem knytt til stabilisering av statsgjeld
    • Norge som en oljeavhengig økonomi
    • Norsk økonomisk politikk

Ferdigheiter

Studentene skal ved endt kurs kunne

  • Tolke og forstå økonomiske nyhende og hendingar
  • Gjere rede for alternative måter å sjå ting på
  • Gjere rede for økonomiske forklaringsmodeller og deira gyldigheit (forutsetningar)
  • Det vert vektlagt auka grad av formell presentasjon

Generell kompetanse

  • Gjere bruk av abstrakte modeller
  • Beherske grunnleggjande omgrep og analyse
  • Reflektere kritisk over økonomiske hendingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

  • BØA203 Mikroøkonomi I
  • BØA118 Makroøkonomi I
  • BØA111 Matematikk for økonomer

Undervisnings- og læringsformer

Lesing av pensum (bok og notater), Førelesninger, presentasjon og oppgaveløysing. Førelesninger kan supplerast med videoar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må ein få godkjend i alt 2 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal leverast individuelt med mindre anna er opplyst.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timer.

Tid og stad for eksamen blir annonsert på Studentweb.

Karakterskala A-F, hvor F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle kalkulatormodeller er tillatte, med følgjande unntak

- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikkje kunne handsame symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikkje koblast til straumnettet

- kalkulatoren må ikkje lage støy

Meir om hjelpemiddel