Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i informasjonsteknologi

Hausten 2023

Ei utdanning innan informasjonsteknologi gir kunnskap om teknisk utstyr og metodar for å utvikle eller utvide IT-system. I studiet blir det derfor lagt vekt på både å gi studentane eit fundament av teoretiske kunnskapar og kjerneelement i faget som er av varig verdi, og praktisk kunnskap om utvikling og bruk av moderne dataverktøy. Dette skal gjere kandidatane i stand til å bidra til innovasjon og nyskaping på alle område i samfunnet der IKT-fagleg kompetanse er aktuell.

Det er òg eit mål at ein kandidat med bachelorgrad i informasjonsteknologi skal ha kunnskapar om leiing og organisasjon, for å kunne bidra til samarbeid på alle plan i organisasjonen gjennom god skriftleg og munnleg kommunikasjon, både på norsk og engelsk. Dei samfunnsmessige konsekvensane av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi krev at studenten utviklar forståing av og medvitne haldningar til den verknaden teknologien har på individ og samfunn.

Informasjonsteknologistudiet har dei same IT-faga som dataingeniørutdanninga. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er følgjeleg den same. Realfaga er litt ulike i dei to studia, sidan dataingeniørutdanninga følgjer nasjonal rammeplan for ingeniørutdanning, medan informasjonsteknologi ikkje gjer det.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført utdanning har følgjande samla læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap som gir eit heilskapleg systemperspektiv på informasjonsteknologi, under dette problemløysing, programvareutvikling og grensesnitt og prinsipp for å byggje opp datasystem og datanettverk
  • har grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis ein kan nytte desse i informasjonsteknologisk problemløysing
  • har kunnskap om historia og utviklinga til teknologien, rolla han har i samfunnet, relevante lovføresegner knytt til bruken av datateknologi og programvare, og kunnskapar om ulike følgjer ved bruk av informasjonsteknologi
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet, i tillegg til relevante metodar og arbeidsmåtar
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom å innhente informasjon og har kontakt med fagmiljø, brukargrupper og praksis

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid til å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor informasjonsteknologi, og grunngje vala sin
  • meistrar metodar og verktøy for å kunne utføre målretta og innovativt arbeid, inkludert å bruke operativsystem, systemprogramvare og nettverk, utarbeide krav og modellere, utvikle, integrere og evaluere datasystem, og bruker programmeringsverktøy og systemutviklingsmiljø
  • kan identifisere, planleggje og gjennomføre informasjonsteknologiske prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment, både sjølvstendig og i team
  • kan finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling
  • kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap, ved å vere med på å utvikle og realisere berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar som informasjonsteknologien er ein del av

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske følgjer av produkt og løysingar innanfor informasjonsteknologi, og kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livslaupsperspektiv
  • kan formidle kunnskap om informasjonsteknologi til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan medverke til å synleggjere kor viktig denne teknologien er og kva følgjer han får
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse utøvinga til den aktuelle arbeidssituasjonen
  • kan bidra til å utvikle god praksis gjennom å ta del i faglege diskusjonar innanfor eige fagområde og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre
  • kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som nyttar IKT.

Innhald

Studiet har 30 studiepoeng med valfrie emne som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller djupna. Blant dei valfrie emna skal minst 20 studiepoeng vere dataemne.

Dei fire første semestera består av felles emne. Deretter vel studentane emne ut frå ønske om fordjuping i ulike retningar:

  • Programvareutvikling- og arkitektur gir gode kunnskapar i system- og programutvikling. Her inngår mellom anna emna Programmeringsparadigme og Systemarkitektur og applikasjonsutvikling. Målet er at studentane frå denne studieretninga skal stå godt rusta til, anten sjølvstendig eller i samarbeid med andre, å arbeide med utvikling av alle typar datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde.
  • Drift av datasystem og skyløysingar gir gode basiskunnskapar innanfor teknisk installasjon og drift av datasystem. Det blir lagt spesiell vekt på gode kunnskapar om moderne datamaskinarkitektur og datanett. Som obligatoriske emne inngår her Nettverksadministrasjon, drift og tryggleik og Drift av Unix og databasar. Målet er at studentane frå denne studieretninga skal kunne arbeide med planlegging, oppbygging og drift av databasane, programsystema, datamaskinparken og datanettet til alle kategoriar verksemder.
  • Web- og mobilteknologi legg spesiell vekt på utvikling av sikre og brukarvennlege webløysingar og «appar» for nettbrett og mobiltelefonar. Som obligatoriske emne inngår her Vidaregåande webapplikasjonar og Mobile og distribuerte applikasjonar. Web og mobil er eit veksande område med stadig skiftande trendar. Gjennom denne retninga vil studentane få varige basiskunnskapar som kan nyttast i morgondagens løysingar.
  • Maskinlæring og kunstig intelligens fokuserer på å løyse problem frå den verkelege verda. Studentane lærer bruk av standard arbeidsflyt og moderne verktøy og rammeverk frå dataanalyse og maskinlæring, og om avgrensingane til feltet. På teori-sida blir det gitt ei innføring i avanserte og velkjende algoritmar innanfor ulike område gjennom emnet Maskinlæring og vidaregåande algoritmar, medan den praktiske fordjupinga skjer i emnet Practical deep learning, som blir tilbode felles for master- og bachelorstudentar.
  • Datagrafikk og brukarinteraksjon gir relevant kompetanse for mange typar prosjekt. Emnet Grafiske metodar introduserer dei grunnleggjande prinsippa i 3D-grafikk, verkemåten til relevant programkode og programvarebibliotek for 3D-modellar. I emnet Advanced Computer Graphics, som blir tilbode felles for master- og bachelorstudentar, jobbar studentar med modellering og reprodusering av fysiske objekt. Kunnskapen blir nytta gjennom utvikling av virtual reality-applikasjonar.

Det er òg mogleg å få vitnemål utan å velje ei av dei nemnde fordjupingane. Då vil ein i staden kunne ta dei 20 studiepoenga som ville inngått i fordjupinga, som valfrie emne. Denne moglegheita vil òg vere aktuell for studentar som dreg på utveksling.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidsstudium.

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogleg å ta 10 studiepoeng med praksis i verksemd som valemne i 5. semester. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår

Arbeidsformer

Studiet er ein kombinasjon av forelesingar med gjennomgåing av teori, oppgåveløysing og mykje praktisk arbeid på datalaboratorium. Gjennom laboratoriearbeidet skal studentane prøve ut prinsipp som er omtalte i forelesingane, og nytte prinsippa på analyse av problemstillingar, konstruksjon av løysingar og testing av programvare og maskinvare. I tillegg blir ein kjend med mange ulike typar utstyr og basisprogramvarer. I dei fleste emne er det obligatoriske arbeid med rapportar, labjournalar e.l. som skal leverast inn. Oppgåver og annan viktig informasjon om dei enkelte emna blir lagde ut på det nettbaserte studiestøttesystemet til høgskulen, men døme og anna hjelpemateriell kan òg delast ut der undervisninga går føre seg.

Det er venta at studentane disponerer eigne datamaskiner dei første åra av studiet. Det er lagt opp til bruk av trådlaust nett, slik at studentane kan bruke sine eigne datamaskiner i laboratorium, klasserom og grupperom. Datalaboratoria tilbyr studentane bruk av meir avansert utstyr i siste studieår. Maskinparken består av kraftige PC-ar med Windows og Linux operativsystem. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Instituttet søkjer i samarbeid med studentane å arrangere presentasjonar av verksemder, verksemdsbesøk og studieturar til relevante fagmiljø. Eventuelle lengre ekskursjonar (3–5) dagar kan arrangerast i 3. studieår.

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.

Det er spesielt lagt til rette for studieopphald i utlandet i 5. og 6. semester. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa og andre delar av verda, som Australia, USA og Canada. Samarbeid med Tyskland og Spania er særleg vektlagt. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald bør kontakte internasjonalt kontor ved høgskulen og instituttet i god tid (to semester før utreise) for å få avklart korleis utanlandsstudiet kan bli passa inn i studieløpet.

Organisering

Bachelorstudiet til informasjonsteknologi er treårig, og kvart studieår er delt inn i to semester. I kvart semester tek ein normalt 3 emne på til saman 30 studiepoeng.

Alle studentar tek dei same emna i dei fire første semestera. Første semester utgjer 30 studiepoeng med grunnleggjande matematikk, grunnleggjande programmering og prosjektarbeid med innføring i ingeniørfagleg IT-arbeid (felles med dataingeniørstudiet). Dei neste tre semestera utgjer 120 studiepoeng og omfattar grunnlagsfaga matematikk og statistikk, i tillegg til IT-emne som dannar grunnlag for vidare spesialisering.

Studiet har 30 studiepoeng med valfrie emne som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller djupna. Blandt dei valfrie emna skal minst 20 studiepoeng vere dataemne. Du kan velje mellom ulike IT-emne eller emne frå andre ingeniørstudiar.

I 5. semester av studiet vel du ei spesialisering. I 6. semester gjennomfører du ei bacheloroppgåve (20 studiepoeng) som kan gå føre seg ved høgskulen eller ute i ei verksemd eller institusjon som høgskulen samarbeider med.