Del 1: Innføring i universitetspedagogikk

Del 1 i utviklingsprogrammet for basiskompetanse i universitetspedagogikk

Dette er eit innføringsemne som alle som tar basiskompetanseprogrammet må ha. Innføringsemnet tilsvarar det tidlegare kurset i høgskulepedagogikk, og dersom du har tatt dette tidlegare, vil du få det godskrive.

Campusar ved HVL

Hopp til

    Søk her

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Mastergrad.

    Studiet er for ansatte ved HVL.

    Trykk på knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Vel rad for «Oppdrag vår 2026».

    HVL tilbyr innføringsemne på norsk vårsemesteret 2026. Det er ledige studieplassar. 

    Dette opptaket gjeld for:

    • Dei som vil melde seg på studieprogram for universitetspedagogikk som gir til saman 10 studiepoeng. Dette består av innføringsemnet som er obligatorisk (5 studiepoeng), som tilsvarer det tidlegare kurset i høgskulepedagogikk. I tillegg skal ein velgja eit valemne (5 studiepoeng). Når ein har fått opptak i studieprogrammet, vel ein eit valemne i studentweb.
    • Dei som ynskjer å melda seg på enkeltemne innan universitetspedagogikk utan å ta heile studieprogrammet. Ein søkjer då opptak i studieprogrammet og vel eit eller fleire av valemna etter at ein har fått opptak i studieprogrammet.

    Studieprogrammet er bygd opp slik:

    • Innføringsemne i universitetspedagogikk, som er obligatorisk for alle som skal fullføra studieprogrammet. Me tilbyr dette på norsk i vårsemesteret.
    • Valemne 1: Fagdidaktiske modular (5 studiepoeng) på både norsk og engelsk.
    • Valemne 2: Utviklingsprosjekt i universitetspedagogikk (5 studiepoeng) kun på engelsk i vårsemesteret.
    • Valemne 3: Emnedesign (5 studiepoeng) kun på engelsk i vårsemesteret.

    Alle tilsette ved HVL kan søke. Det vert fysiske samlingar i Bergen for innføringsemne veke 6 og veke 17. Datoar for valemna ligg på våre nettsider: https://www.hvl.no/alu/universitetspedagogikk/

    For å søke på studiet, må du gå inn i søknadsweb. Finn «oppdrag» og klikk deg inn. I nedtrekksmenyen finn du studiet. Her kan du velje om du vil søke på innføringsemne eller valemner.

    Samlingsbasert

    Emne er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. 

    Plan for samlingar vår 2026

    Veke 6 

    • 05.02.2026
    • 06.02.2026

    Veke 17

    • 23.04.2026
    • 24.04.2026

    Dato for eksamen: 05.06.2025

    Stad for samlingane vil vere Kronstad, campusen vår i Bergen.

    Emneplan 

    Emnet gir ei innføring i feltet universitetspedagogikk, og har ein reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.

    Du finn meir informasjon i emneplanen.