To studenter som henger post-it-lapper opp på veggen.

Innovasjon og studentbedrift 1

Etter- og vidareutdanning

Ønskjer du å utvikle dei kreative og nyskapande evnene dine? Vil du bli ein framtidig arbeidstakar som kan vere med å utvikle institusjonen eller bedrifta der du jobbar? Kanskje du går med tankar om å starte di eiga bedrift? Då kan dette emnet vere noko for deg. Innovatørar trengs overalt! 

Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    NB: Er du allereie HVL-student, søker du via Studentweb. Da er fristen 1. september (same som frist for semesterregistrering).

    Opptakskrav

    Om å søke opptak til HVL

    Innovasjon og nyskaping er viktig innan alle fagfelt. Den kompetansen som du tileignar deg via dette studiet vil komme deg til nytte som arbeidstakar både i offentleg og privat sektor. Du vil få ei innføring i innovasjon, kreativitet og nyskaping/nytenking. I tillegg vil du få erfaring med å etablere, drive og avvikle eiga studentbedrift.

    Opplæring i forretningsmodell, økonomi (budsjett/rekneskap/økonomistyring) og marknadsføring inngår som ein del av studiet. Kreative prosessar som skal føre fram til ein forretningsidè vil vere eit sentralt tema. I tillegg vil du få innføring i ein del teori knytt til entreprenørskap og innovasjon. 

    Sjå emneplanen for meir informasjon

    Korleis er undervisninga?

    Dette er eit tilbod til studentar ved Høgskulen på Vestlandet som òg er ope for eksterne søkjarar. Studiet går over to semester med studiestart i oktober og avsluttande eksamen innan utgangen av mai neste semester. 

    Ein legg opp til fem samlingar, der ein del av samlingane er nettbaserte. Dei fysiske samlingane vil så langt som mogleg bli lokaliserte på din campus. Det er avhenger av tal studentar pr. campus. Med atterhald om at vi må organisere samlokalisering mellom Bergen/Stord/Haugesund for nokre av samlingane. Nokre av samlingane vil føregå via videokonferanse mellom dei ulike campus. Vi vil også ta i bruk Zoom som undervisningsplattform.

    Slik søker du

    NB: Er du allereie HVL-student, søker du via Studentweb. Da er fristen 1. september (same som frist for semesterregistrering).

    Sognagrepet SB er seks brennande sjeler i Sogndal med eit stort hjarte for bygdi og klatring.

    Studentbedrifta Frost

    Studentbedrifta Frost Info SB ved HVL i Førde deltok på NM for studentbedrifter i 2019. Ingeniørstudentane på bildet har utvikla eit datasystem som skal lette arbeidet med dokumentasjon i industrien.


    Studentbedrifta FrivilligStudent SB

    Studentbedrifta FrivilligStudent SB hadde fokus på frivillig arbeid for studentar i Sogndal og kobla studentar til lag og organisasjonar som har bruk for frivillig innsats. Dei fire var studentar på sosialt arbeid ved HVL i Sogndal.