Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, miljøteknologi og industriell kjemi

Hausten 2022

Studieprogrammet i miljøteknologi og industriell kjemi er ei 3-årig profesjonsutdanning som blir gitt ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Bergen.  Utdannninga gir kunnskapar og ferdigheiter for praktisk bruk av kjemifaget i industriell samanheng og i offentlig forvaltning. I studiet blir det derfor lagt vekt på å gi studentane grunnleggjande kunnskapar i kjemiske basisemne samt miljø- og prosessteknologiske problemstillingar. Dette for å gi studentane eit fundament av kunnskapar som er av varig verdi. I tillegg får studentane god praktisk erfaring i laboratoriearbeid samt øving i bruk av moderne dataverktøy. Det er også eit mål at kjemiingeniøren skal ha kunnskapar om prosjektleiing og organisering for å kunne bidra til samarbeid på alle plan i organisasjonen gjennom god skriftleg og munnleg kommunikasjon. 

Bachelorstudiet kvalifiserer til framtidsretta jobbmoglegheiter og er samtidig eit godt utgangspunkt for vidare studier til mastergrad innan fagfeltet, enten ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar i Noreg og utlandet. 

Studiet i miljøteknologi og industriell kjemi følgjer Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018. Miljøteknologi og industriell kjemi er eit studieprogram under fagfeltet kjemiingeniørfag.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført utdanning har følgjande samla læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten

  • brei kunnskap som gir eit heilskapleg perspektiv på kjemiingeniøren sitt fagområde. Kandidaten har ei fordjuping innan kjemi som omfattar både miljøteknologi og industriell kjemi.
  • har grunnleggjande kunnskapar innan matematikk, statistikk og fysikk. I tillegg har kandidaten relevante samfunns- og økonomiemne og kunnskapar om korleis desse kan integrerast i ingeniørfagleg problemløysing.
  • har kunnskap om den teknologiske utviklinga innan kjemiemna, kjemiingeniøren si rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan kjemi, samt relevante metodar og arbeidsmåtar
  • oppdatere kunnskapane sine innan kjemiingeniøren sitt fagfelt, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis

Kandidaten

  • kan anvende kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske kjemirelaterte problemstillingar
  • kan føreslå tekniske løysingsalternativ samt analysere og kvalitetssikre resultat
  • har brei digital kompetanse, inkludert grunnleggjande programmeringsferdigheiter, og kan anvende dataverktøy og relevante data- og simuleringsprogram innan kjemiske problemstillingar
  • kan anvende HMS-data og ROS-analysar og handtere kjemikaliar forskriftsmessig
  • kan beherske metodar innan spektroskopi, kromatografi og elektrokjemi som bidrar til både analytisk og innovativt arbeid
  • kan dokumentere analyseresultat i laboratoriejournalar og skrive rapportar ut frå standardiserte metodar
  • kan identifisere, planleggje og gjennomføre kjemirelaterte ingeniørfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i grupper
  • kan finne og vurdere informasjon, litteratur og fagstoff samt framstille dette slik at det belyser ei problemstilling, både skriftleg og munnleg
  • kan bidra til nytenkning, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar

Kandidaten

  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av kjemiske produkt, analysar og prosessar. Kandidaten kan kan setje desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • kan formidle kjemisk ingeniørfagleg kunnskap til ulike målgrupper, både skriftleg og munnleg
  • kan bidra til å synleggjere teknologien sin betydning og konsekvensar
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i grupper og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjon
  • kan bidra til faglege diskusjonar innan fagområdet og kan dele kunnskapane og erfaringane sine med andre
  • kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datatryggleiksaspekt i produkt og system som nyttar IKT

Innhald

Studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi gir ein brei kompetanse og består av emne i realfag og samfunnsfag med stor vekt på ulike kjemiemne. Alle basisemna som blir undervist første studieår skal gi studentane det nødvendige grunnlaget for å forstå fordjupingsemna i andre og tredje studieår. Fordjupingsemna i studiet er grøn kjemi, analyseteknikkar og miljøanalysar, prosessovervaking og instrumentering samt separasjon og reinseteknologi.

Studentane lærer blant anna om oppbygnad, verkemåte og drift av industrielle prosessanlegg og om moderne laboratorieinstrumentering. Fagmiljøet samarbeider med lokale næringsaktørar i privat og offentleg sektor. Studiet er utvikla i samarbeid med lokal industri, med vekt på miljøomsyn og ei berekraftig utvikling i samfunnet. Studentane skal lære korleis ein reduserer eller hindrar danning av forureiningar og korleis forbindelsane blir analysert. Sentrale tema er fornybare råmaterial, bruk av "grøne" kjemikaliar og avfallsreduksjon.

Vidare skal studiet gi gode kunnskapar i prosessteknologi og inngåande kjennskap til verkemåten til prosessutstyr. Tekniske berekningar innan kjemiteknikk blir i dag utført nesten utelukkande ved hjelp av dataprogram. Sentralt i studiet er derfor bruk av simuleringsprogram, som HYSYS, til tekniske berekningar. I tillegg gir studiet kunnskapar om fysikalske einingsoperasjonar som destillasjon, gassabsorbsjon og membranseparasjon. Dei fleste industriprosessar er i dag fullstendig automatiserte. Utdanninga inneheld derfor eit grunnleggjande emne i prosesstyring og automatisering.

Gjennom studiet får studentane kunnskapar og ferdigheiter i prøvetaking, prøvebehandling, kjemisk analyse samt kvalitetssikring av analyseresultat. I tillegg skal dei kunne tolke resultat og identifisere organiske forbindelsar. I løpet av studiet skal studentane opparbeide seg både kunnskapar og ferdigheiter gjennom casestudier, prosjektarbeid og tilgang til avansert instrumentering.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidstudium.

For å vere kvalifisert for opptak til 2-årig masterprogram som gir sidetittelen sivilingeniør, vert det stillt meir omfattande krav til samensettinga av bachelorutdanninga enn krava i rammeplanen for ingeniørutdanning. Kravet er gitt i Nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanninga og bachelorgraden må innehalde: 
- minst 25 SP i matematikk​ 
- minst 5 SP i statistikk​ 
- minst 7,5 SP i fysikk​ 


Studentar som ønskjer å oppfylle opptakskrava, må velje nokre spesifikke valemne. 

Krava blir oppfylt på følgjande måte: 
Matematikk 
To obligatoriske emne MAT110 Matematikk 1 og MAT202 Matematikk 2, samt valemnet MAT301 Fleirdimensjonal analyse (matematikk 3) 
Statistikk 
Eitt obligatorisk emne KJE115 Statistikk og kjemometri
Fysikk 
Fysikk inngår i det obligatoriske emnet ING174 Klasissk mekanikk, samt i fleire av dei tekniske emna i bachelorutdanninga. Til saman meir enn 7,5 studiepoeng. Opptak til 2-årig sivilingeniør masterprogram er oppfylt utan valemne i fysikk. Studentar som planlegg å ta sivilingeniør masterprogram blir likevel anbefalt å ta valemnet ING270 Elektrisitet og magnetisme. 

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogeleg å ta eit valemne i med praksisopphald i ei bedrift/verksemd. Studenten vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, noko som vil gi verdifull og relevant praktisk erfaring. Tilbodet om valemnet blir oppdatert frå studieår til studieår. 

Dei fleste kjemiemna har ferdigheitstrening i form av obligatorisk laboratorieaktivitet. 

Arbeidsformer

Arbeidsformene i studiet er varierte og blir gjennomført både individuelt og i grupper. Dei skal invitere studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. Teoriundervisninga føregår i klasserom og auditorium. Fysisk undervisning kan også kombinerast med digital undervisning, både synkron og asynkron. I tillegg til teoriundervisning med oppgaveløysing har de fleste kjemiemna praktisk arbeid på kjemilaboratoria med rettleiing. Andre dømer på arbeidsformer er rekneøvingar, innleveringar, prosjektoppgåver, casestudier, digitale kunnskapstestar, gjesteforelesingar og ekskursjonar.

Det praktiske arbeidet skjer i form av laboratorieøvingar og prosjektarbeid, som er obligatoriske læringsaktivitetar. Det er også obligatorisk å møte opp på gjennomgang av sikkerheit på laboratoriet. Gjennom laboratoriearbeidet skal studentane bli kjent med mange ulike typar utstyr og instrumentering. Dette gjer utdanninga yrkesretta.

I dei fleste emne er det obligatoriske arbeid med teoriinnleveringar, laboratoriejournalar og/eller rapportar som skal leverast inn. I laboratorie- og prosjektarbeid er det mykje bruk av gruppearbeid. Ved behov for betre vurderingsgrunnlag kan det krevast at enkeltstudentar utfører delar av arbeidet aleine og/eller leverer inn individuelle rapportar.

I fleire emne arrangerer faglærarane ekskursjonar til lokale bedrifter i Bergensområdet. Det er obligatorisk å delta på desse ekskursjonane.

Undervisningsmateriale og annen viktig informasjon om dei enkelte emna blir lagt ut på høgskulen sitt webbaserte studiestøttesystem.

Studiet har eit sterkt innslag av datastøtta læring. Alle studentar må ha eiga berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her. 

Vurderingsformer

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

For å kunne gå vidare til 2. studieår, må studenten ha bestått eksamen i emne som utgjer minst 20 studiepoeng.

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men emne som også blir tilbode til utvekslingsstudentar har undervisning på engelsk.

Det er lagt til rette for at studentar kan ta delar av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter. 

I studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi er det lagt til rette for studieopphald i utlandet i 6. semester. Studentar kan dermed ta bacheloroppgåva og eit valfritt emne ved ein utenlandsk utdanningsinstitusjon, til dømes i Belgia, Ungarn, Kina, Sør-Afrika eller Australia.

Studentar som ønskjer eit utanlandsopphald, bør ta kontakt med studieprogramansvarleg i god tid (to semester) før utreise. Dette for å få avklart kva emne som kan godkjennast samt moglege problemstillingar til bacheloroppgåve.