Hopp til innhald

Studieplan - Master i klinisk fysioterapi

Hausten 2023

Muskelskjelett-, psykiske- og psykosomatiske plagar, og hjarte- og lungesjukdomar er nokre av vår tids største helseutfordringar. Samansette og komplekse tilstandar aukar. Dette stiller stadig større krav til helsetenestene. Fysioterapi er sentral i helsefremjande tiltak, førebygging, undersøking og behandling av desse helseproblem. Gjennom master i klinisk fysioterapi kan fysioterapeutar utvikle spesialisert klinisk og forskingsmessig kompetanse innanfor dei følgjande tre studieretningane:

  • Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdomar
  • Fysioterapi ved muskel- og skjelettplager, reumatiske og ortopediske helseproblem
  • Psykomotorisk fysioterapi

Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar, i eit fleirkulturelt samfunn, har stor betydning for sjukdomsbiletet som pregar utfordringane helsetenesta står ovanfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og oppdatert kunnskap innanfor fagfeltet.

Hovudmålet med studiet er å bidra til ein betre helseteneste ved å utdanne fysioterapeutar på masternivå med fordjuping innanfor fagområda i masternivåets studieretningar. Kandidatane skal bli gode klinikarar og gode akademikarar. Gjennom oppøving av ein kritisk analytisk haldning og teoretisk skolering blir det lagt vekt på solid fagleg, klinisk og forskingsbasert kompetanse. Kandidatane skal gjere seg kjende med relevant og ny forsking og få eiga erfaring med ulike prosessar i forskingsarbeid ved å skrive masteroppgåve.

Studiet sitt perspektiv er mennesket som kroppsleg erfaringsskapande og samhandlande aktør. Kroppen blir belyst som eit samansett fenomen, og helse- og funksjonsproblem blir drøfta ut frå ulike teoretiske perspektiv. Studiet legg vekt på samspel i behandlingssituasjonen og refleksjon om fysioterapi som relasjonell verksemd. Kommunikasjon, makt og avmakt blir tematisert, og kliniske og etiske aspekt ved pasientdeltaking blir analysert. Alder, kjønn og kultur blir sett på som viktige for korleis menneske handlar og samhandlar. Evne til fagleg og etisk refleksjon blir vektlagt ved studiet. Kandidatane blir kvalifiserte til både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og fagutviklingsarbeid.

Kandidatane kvalifiserer seg til ulike roller/oppgåver i spesialist- og primærhelsetenesta, som faglege leiarar, leiarar i tverrfaglege team og pådrivarar for fagutvikling og kvalitetsarbeid. Ein mastergrad er eit naudsynt steg på vegen til utvikling av forskings- og spesialistkompetanse. Studiet kvalifiserer for opptak på doktorgradsprogram.

Studieretning fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdomar
Fysioterapi er sentralt i behandling av pasientar med hjarte- og lungesjukdomar i eit livsløpsperspektiv. Forskjellige fysioterapitiltak kan gi betre livskvalitet, betra funksjon, bidra til ein meir aktiv livsstil, vere livsforlengande og som eit resultat gi ein samfunnsøkonomisk gevinst. Gjennom studieretninga skal studentane utvikle kompetanse innan fysioterapi relatert til pasientar med hjarte- og lungesjukdomar i akutt og kronisk fase. Studieretninga skal kvalifisere for spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, førebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering relatert til desse lidingane.

Studieretning fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og reumatiske helseproblem
Fysioterapeutar har ei sentral rolle i arbeidet med menneske med muskel- og skjelett, ortopediske og reumatiske helseproblem: Dei gjer funksjonsvurderingar og tilbyr førebyggande og rehabiliterande behandling, som blant anna kan gi redusert smerte, betra funksjon og høgare deltaking i arbeidslivet.

Masterstudentane innan denne studieretninga har avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel- skjelett, ortopediske og reumatiske helseproblem, både i primær- og spesialisthelsetenesta. Studentane kan orientere seg om relevant forsking, innta førebelse posisjonar innan fagutvikling og vere ein viktig bidragsytar med ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ for tilstandar som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval og/eller i samband med postoperativ rehabilitering.

Studieretning psykomotorisk fysioterapi er sentral i behandling av pasientar med helseproblem der spennings- og muskel- skjelettproblem, traume, psykiatriske og psykosomatiske lidingar kan vere samansette og samanvevde i varierande grad. Med utgangspunkt i den fysiske kroppen som funksjonell eining og kjelde til livsutfalding, innsikt og meiningssamanheng, kan fysioterapibehandling bidra til mindre plager og betra funksjon. Gjennom fordjupinga utviklar studentane avansert kompetanse i å undersøke og tilpasse psykomotorisk fysioterapi til pasientar med eit breitt spekter av livsbelastningar, i både primær- og spesialisthelsetenesta. Det blir lagt særleg vekt på ferdigheit og kunnskap om kroppsleg tilpassing, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i samhandling med sårbare pasientar.

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i fysioterapi.
  • Minst 1 års yrkespraksis som fysioterapeut etter fullført utdanning.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Kandidaten ...

  • har inngåande kunnskap innanfor klinisk fysioterapi og djupnekunnskap i si studieretning
  • kan bruke teoriar, helsefremmande tiltak, undersøkings- og behandlingsmetodar, klassifikasjonsmåtar og tolkningsrammer innanfor fagområdet på ein analytisk måte,
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap på ein kritisk og analytisk måte

Ferdigheiter:
Kandidaten ...

  • har spesialisert kompetanse i helsefremmande arbeid, førebygging, undersøking, behandling og (re-) habilitering av pasientar i si studieretning
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege krav til gyldig kunnskap og forskingsetiske normer

Generell kompetanse:
Kandidaten ...

  • kan bidra til analytisk og kritisk tenking i vurdering, val, planlegging og utøving av klinisk fysioterapi til pasientar med problem innan valt studieretning
  • kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, gjennomføring og organisering av fysioterapitiltak
  • kan bruke og reflektere over teoriar, helsefremmande tiltak, undersøking og behandling, og kan forhalda seg kritisk og undersøkjande til eigen fagleg praksis
  • kan arbeide kunnskapsbasert
  • kan analysere og forhalda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan bidra til innsikt og kompetanse slik at pasienten sitt fysioterapitilbod blir sett i ein tverrfagleg samanheng og på tvers av tenestenivå
  • kan formidle fagområdets og utdanninga si plass i og relevans for samfunnet
  • kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar

Innhald

Organisering av dei tre studieretningane
Studieretning fysioterapi ved hjarte og lungesjukdomar og studieretning fysioterapi ved muskel-, skjelett-, revmatiske og ortopediske helseproblem er eit fulltidsstudium.
Studieretning psykomotorisk fysioterapi er første studieår eit fulltidsstudium medan andre og tredje år er på deltid.

Undervisninga blir organisert gjennom vekesamlingar på campus. Inntil tre vekesamlingar i semesteret, kvar på 2 veker. Praksisperiodar vil finne stad mellom vekesamlingane.

Første studieår
Studentane tileignar seg teoretiske grunnkunnskapar og praktiske ferdigheiter relatert til fysioterapi for pasientgrupper innan masterstudiet sine studieretningar. Studentane skal tileigne seg føresetnader for å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse, sjukdom og kommunikasjon. Vitskapsteori og forskingsmetodikk blir organisert som nettkurs.

Nokre emne og delar av annan undervisning vil vere felles for dei ulike studieretningane.

Andre studieår
Studentane arbeider med masteroppgåva i tillegg til emne knytte til studieretninga.

Tredje studieår
Studentar på studieretning psykomotorisk fysioterapi arbeider med masteroppgåva i tillegg til emne knytte til studieretninga.

Studentane følgjer emne i den rekkefølgja dei er sett opp i utdanningsplanen. Når eitt emne er gjennomført, blir det forventa at studenten tek denne kunnskapen med seg til nye læringssituasjonar og integrerer ho i det vidare studiearbeidet. MAMET1KF må vere bestått før studenten kan starte på masteroppgåva.

Alle andre emne må vere bestått før masteroppgåva blir levert for endeleg vurdering. Forventa arbeidstid for veka i fulltidsstudium er 40 timar.

Praksis

Studentar på studieretning Fysioterapi ved hjarte og sjukdomar og studieretning Fysioterapi ved muskel-, skjelett-, revmatiske og ortopediske helseproblem gjennomfører i løpet av 2. og 3. semester 10 veker rettleidd praksis.

Studentar på psykomotorisk fysioterapi gjennomfører i løpet av 2.-5. semester 200 individuelle behandlingstimar.

Praksisstudiane blir gjennomført i spesialist- og kommunehelsetenesta. Hovudvekta vil leggjast på ei djupare innsikt i tenestenivåa i helsetenesta, og på evaluering og grunngiving av klinisk praksis, samt utviklingsmoglegheiter i praksisfeltet.

Det er krav om 90% frammøte i praksis.

Arbeidsformer

Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tar medansvar både for eigen og medstudentar sin faglege utvikling og læring. Studiet er difor lagt opp for arbeid både individuelt og i grupper. Arbeidsformene i studiet vekslar mellom førelesingar, nettbasert undervisning, seminar, ferdigheitstrening, gruppearbeid i løpet av samlingane eller på nett, interaktive kunnskapstestar, rettleiing og praksisstudiar. I tillegg kjem sjølvstudium.

Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir vektlagt. Studentane skal arbeide med praksisnære problemstillingar og få erfaring med å føre kunnskap tilbake til praksisfeltet. Det blir lagt til rette for at studentane deltek i fagutviklings- og forskingsprosjekt ved høgskulen og i klinikken. Canvas blir brukt som studiestøttesystem.

Vurderingsformer

Studentane vil møte individuelle vurderingsformer som oppgåve, praksis, munnleg og praktisk eksamen

Internasjonalisering

Studentar på master i klinisk fysioterapi kan reise på utveksling til Duke University i USA og til europeiske samarbeidspartnarar. Det kan også bli lagt til rette for eit opphald hos våre internasjonale samarbeidspartnarar i tilknyting til masteroppgåva.

Organisering

Organisering av de tre studieretningene:

Studieretning fysioterapi ved hjerte og lungelidelser

2-årig fulltidsstudium, 120 studiepoeng

Studieretning fysioterapi ved muskel-, skjelett-, revmatiske og ortopediske helseproblemer

2-årig fulltidsstudium, 120 studiepoeng

Studieretning psykomotorisk fysioterapi

3-årig deltidsstudium, første år 100%, andre og tredje år 50%, 120 studiepoeng

 

Undervisningen organiseres i ukesamlinger ved høgskolen. Inntil tre ukesamlinger i semesteret, hver på 2 uker. Praksisperioder vil finne sted mellom ukesamlingene.

Første studieår
Studentene tilegner seg teoretiske basiskunnskaper og praktiske ferdigheter relatert til fysioterapi for pasientgrupper innen masterstudiets studieretninger. Studentene skal tilegne seg forutsetninger for å forstå ulike perspektiver på kjønn, kropp, funksjon, helse, sykdom og kommunikasjon. Vitenskapsteori og forskningsmetodikk er organisert som nettkurs.

Noen emner og deler av øvrig undervisning vil være felles for de ulike studieretningene. I tillegg kommer emner tilknyttet studieretningen.

Arbeid med masteroppgaven starter.

Andre studieår
Studentene arbeider med masteroppgaven i tillegg til emner tilknyttet studieretningen.

Tredje studieår
Studenter på studieretning psykosomatisk fysioterapi arbeider med masteroppgaven i tillegg til emner tilknyttet studieretningen.

Studentene følger emner i den rekkefølgen de er satt opp i utdanningsplanen. Når ett emne er gjennomført forventes det at studenten bringer denne kunnskapen med seg til nye læringssituasjoner og integrerer den i det videre studiearbeidet. MAMET1KF må være bestått før studenten kan begynne på masteroppgaven.

Alle øvrige emner må være bestått før masteroppgaven kan innleveres for endelig vurdering. Forventet ukentlig arbeidstid i fulltidsstudium er 40 timer.