Studieplan - Master i klinisk fysioterapi
Hausten 2026
Muskelskjelettplager, psykiske og psykosomatiske lidingar, samt hjarte- og lungesjukdomar, er blant dei største helseutfordringane i vår tid. Samansette og komplekse tilstandar aukar, noko som stiller stadig større krav til helsetenestene. Fysioterapi spelar ei sentral rolle i helsefremjande arbeid, førebygging, undersøking og behandling av desse helseproblema.
Gjennom masterprogrammet i klinisk fysioterapi kan fysioterapeutar utvikle spesialisert klinisk og forskingsbasert kompetanse innan eitt av følgjande tre fagområde:
- Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdomar
- Fysioterapi ved muskel- og skjelettplager
- Psykomotorisk fysioterapi
Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar i eit fleirkulturelt samfunn har stor innverknad på sjukdomsbiletet og dei utfordringane helsetenesta står overfor. Dette krev fysioterapeutar med solide kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og oppdatert kunnskap innan fagfeltet.
Hovudmålet med studiet er å styrkje helsetenesta gjennom å utdanne fysioterapeutar på masternivå med fordjuping innan dei ulike studieretningane. Kandidatane skal utvikle seg både som dyktige klinikarar og som kompetente akademikarar. Gjennom kritisk og analytisk tenking, teoretisk fordjuping og forskingsbasert tilnærming blir det lagt vekt på solid fagleg og klinisk kompetanse. Studentane skal gjere seg kjende med relevant og ny forsking, og få praktisk erfaring med forskingsprosessar gjennom arbeidet med masteroppgåva.
Studiet har som perspektiv mennesket som kroppsleg, erfaringsskapande og samhandlande aktør. Kroppen blir forstått som eit samansett fenomen, og helse- og funksjonsproblem blir drøfta ut frå ulike teoretiske perspektiv. Det blir lagt stor vekt på samspel i behandlingssituasjonen og refleksjon kring fysioterapi som ei relasjonell verksemd. Kommunikasjon, makt og avmakt blir tematisert, og kliniske og etiske aspekt ved pasientdeltaking blir grundig analysert. Alder, kjønn og kultur blir sett på som sentrale faktorar for korleis menneske handlar og samhandlar. Evne til fagleg og etisk refleksjon er ein viktig del av studiet.
Kandidatane blir kvalifiserte til både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og fagutviklingsarbeid. Dei kvalifiserer seg til ulike roller i spesialist- og primærhelsetenesta, som faglege leiarar, leiarar i tverrfaglege team og pådrivarar for fagutvikling og kvalitetsarbeid. Ein mastergrad er eit naudsynt steg på vegen mot forskings- og spesialistkompetanse, og studiet gir grunnlag for opptak til doktorgradsprogram.
Studieretning: Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdomar
Fysioterapi har ei sentral rolle i behandling av pasientar med hjarte- og lungesjukdomar gjennom heile livsløpet. Ulike fysioterapitiltak kan gi betre livskvalitet, auka funksjon, fremje ein meir aktiv livsstil, vere livsforlengande og samtidig gi samfunnsøkonomisk gevinst.
Gjennom denne studieretninga skal studentane utvikle kompetanse innan fysioterapi for pasientar med hjarte- og lungesjukdomar i både akutt og kronisk fase. Studiet kvalifiserer for spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, førebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering knytt til desse lidingane.
Studieretning: Fysioterapi ved muskel- og skjelettplager
Fysioterapeutar har ei nøkkelrolle i behandling av menneske med muskel- og skjelettplager. Dei gjer funksjonsvurderingar og tilbyr førebyggande og rehabiliterande behandling som kan redusere smerte, betre funksjon og auke deltaking i arbeidslivet og som eit resultat kan gi ein samfunnsøkonomisk gevinst.
Masterstudentane i denne studieretninga får avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager, både i primær- og spesialisthelsetenesta. Dei skal kunne orientere seg i relevant forsking, bidra til fagutvikling og tilby ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ for tilstandar som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval, samt bidra i postoperativ rehabilitering.
Studieretning: Psykomotorisk fysioterapi
Psykomotorisk fysioterapi er sentral i behandling av pasientar med helseproblem der spennings- og muskel- og skjelettplager, traume, psykiatriske og psykosomatiske lidingar kan vere samansette og samanvevde. Med utgangspunkt i kroppen som funksjonell eining og kjelde til livsutfalding, innsikt og meiningssamanheng, kan behandling bidra til mindre plager og betre funksjon.
Gjennom fordjupinga utviklar studentane avansert kompetanse i å undersøke og tilpasse psykomotorisk fysioterapi til pasientar med eit breitt spekter av livsbelastningar, både i primær- og spesialisthelsetenesta. Det blir lagt særleg vekt på ferdigheit og kunnskap om kroppsleg tilpassing, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i møte med pasientar.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i fysioterapi
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten ...
- har inngåande kunnskap innanfor klinisk fysioterapi og djupnekunnskap i si studieretning
- kan bruke teoriar, helsefremmande tiltak, undersøkings- og behandlingsmetodar, klassifikasjonsmåtar og tolkningsrammer innanfor fagområdet på ein analytisk måte,
- kan bruke forskingsbasert kunnskap på ein kritisk og analytisk måte
Ferdigheiter:
Kandidaten ...
- har spesialisert kompetanse i helsefremmande arbeid, førebygging, undersøking, behandling og (re-) habilitering av pasientar i si studieretning
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege krav til gyldig kunnskap og forskingsetiske normer
Generell kompetanse:
Kandidaten ...
- kan bidra til analytisk og kritisk tenking i vurdering, val, planlegging og utøving av klinisk fysioterapi til pasientar med problem innan valt studieretning
- kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, gjennomføring og organisering av fysioterapitiltak
- kan bruke og reflektere over teoriar, helsefremmande tiltak, undersøking og behandling, og kan forhalda seg kritisk og undersøkjande til eigen fagleg praksis
- kan arbeide kunnskapsbasert
- kan analysere og forhalda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan bidra til innsikt og kompetanse slik at pasienten sitt fysioterapitilbod blir sett i ein tverrfagleg samanheng og på tvers av tenestenivå
- kan formidle fagområdets og utdanninga si plass i og relevans for samfunnet
- kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
Innhald
Studieretningane er organiserte som fulltidsstudium, alle på 120 studiepoeng.
Undervisninga blir gjennomført som vekesamlingar på campus – inntil tre samlingar per semester, kvar med inntil to veker varigheit. Praksisperiodar blir lagt mellom samlingane.
Første studieår
Studentane tileignar seg teoretiske grunnkunnskapar og praktiske ferdigheiter knytte til fysioterapi for pasientgrupper innan masterstudiet sine studieretningar. Dei skal utvikle føresetnader for å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse, sjukdom og kommunikasjon.
Vitskapsteori og forskingsmetodikk blir gjennomført som nettkurs. Nokre emne og delar av undervisninga vil vere felles for alle studieretningane.
Andre studieår
Studentane arbeider med masteroppgåva i tillegg til emne knytte til studieretninga.
Dei følgjer emna i den rekkefølgja som er fastsett i utdanningsplanen. Når eit emne er gjennomført, blir det forventa at studenten tek med seg kunnskapen vidare og integrerer ho i nye læringssituasjonar.
Alle emne i studieretninga må vere bestått før masteroppgåva kan leverast til endeleg vurdering.
Forventa ukentleg arbeidstid i fulltidsstudium er om lag 40 timar.
Praksis
Studentar på studieretningane hjarte- og lungesjukdomar og muskel- og skjelettplager gjennomfører 10 veker rettleidd praksis i løpet av 2. og 3. semester. Praksisperiodane blir lagt til både spesialist- og kommunehelsetenesta. Hovudvekta ligg på å utvikle djupare innsikt i dei ulike tenestenivåa, evaluere og grunngi klinisk praksis, samt identifisere utviklingsmoglegheiter i praksisfeltet. Det er krav om minst 90 % obligatorisk frammøte i praksis.
For studieretninga psykomotorisk fysioterapi er praksis også rettleidd. Studentane skal gjennomføre minimum 200 pasientbehandlingar i løpet av 1.–4. semester. I tillegg er det krav om 70 timar rettleiing organisert som grupperettleiing, samt seks gruppesesjonar med psykomotorisk fysioterapi for 6–8 pasientar.
Under studiet får studentane på alle studieretningar avtale med HELFO om refusjon for pasientbehandlingar. For studentar på psykomotorisk studieretning er det ein føresetnad at dei sjølve ordnar eller har tilgang til eigna arbeidsstad der dei kan behandle pasientar med psykomotorisk fysioterapi. Dette må vere på plass før oppstart av første semester.
For meir informasjon om praksis, sjå Praksisnettsida til https://www.hvl.no/student/praksis/helseogsosial/klinisk-fysioterapi/
Arbeidsformer
Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tek medansvar for både eigen og medstudentane si faglege utvikling og læring. Studiet er difor lagt opp med arbeid både individuelt og i grupper.
Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, nettbasert undervisning, seminar, ferdigheitstrening, gruppearbeid på samlingane eller digitalt, interaktive kunnskapstestar, rettleiing og praksisstudium. I tillegg kjem sjølvstudium.
Det blir lagt stor vekt på kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving. Studentane skal arbeide med praksisnære problemstillingar og få erfaring med å føre kunnskap tilbake til praksisfeltet. Det blir også lagt til rette for deltaking i fagutviklings- og forskingsprosjekt ved høgskulen og i klinikken.
Canvas blir brukt som studiestøttesystem.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i kvart emne er valt i tråd med læringsutbytta som studenten skal oppnå. Dette inneber at vurderingsformene varierer frå emne til emne. Dei valde vurderingsformene sikrar at studenten har tileigna seg dei nødvendige kvalifikasjonane for yrkesutøvinga og dokumenterer at studenten held eit tilfredsstillande fagleg nivå gjennom studiet.Se studieplan for mer informasjon om læringsutbytte i kvart emne https://www.hvl.no/studier/studieprogram/klinisk-fysioterapi/
Studentane vil møte individuelle vurderingsformer som oppgåve, praksis, munnleg og praktisk eksamen.
Krav til studieprogresjon
Studentane følgjer emna i den rekkefølga dei er sett opp i utdanningsplanen. Når eit emne er gjennomført, er det forventa at studenten tek med seg denne kunnskapen til nye læringssituasjonar og integrerer ho i det vidare studiearbeidet.
Før masteroppgåva kan leverast inn til vurdering, må alle emne vere bestått.
Organisering
Studieretning fysioterapi ved hjerte- og lungesjukdomar
- 2-årig fulltidsstudium, 120 studiepoeng
Studieretning fysioterapi ved muskel-, og skjelettplager
- 2-årig fulltidsstudium, 120 studiepoeng
Studieretning psykomotorisk fysioterapi
- 2-årig heltidsstudium, 120 studiepoeng
Organisering av undervisninga
Undervisninga blir gjennomført som obligatoriske vekesamlingar ved høgskulen – inntil tre samlingar per semester, av inntil to veker varigheit. Praksisperiodar er også obligatoriske og blir lagt mellom samlingane.
Første studieår
Studentane tileignar seg teoretiske grunnkunnskapar og praktiske ferdigheiter knytte til fysioterapi for pasientgrupper innan masterstudiet sine studieretningar. Dei skal utvikle føresetnader for å forstå ulike perspektiv på kjønn, kropp, funksjon, helse, sjukdom og kommunikasjon.
Vitskapsteori og forskingsmetodikk blir gjennomført som nettkurs. Nokre emne og delar av undervisninga vil vere felles for alle studieretningane, i tillegg til emne som er spesifikke for kvar studieretning.
Arbeidet med masteroppgåva startar i løpet av første studieår.
Andre studieår
Studentane arbeider vidare med masteroppgåva i tillegg til emne knytte til studieretninga.
Studentane følgjer emna i den rekkefølgja som er fastsett i utdanningsplanen. Når eit emne er gjennomført, blir det forventa at kunnskapen blir integrert i nye læringssituasjonar og vidare studiearbeid.
Alle emne må vere bestått før masteroppgåva kan leverast til endeleg vurdering. Forventa ukentleg arbeidstid i fulltidsstudium er om lag 40 timar.