Studieplan - Kunst og handverk, årseining
Hausten 2021
Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, eller ei smaksprøve på lærerutdanninga. Kunst og handverk tilbyr kreativt og skapande arbeid med ulike materialer og teknikkar!
Læringsutbytte
Sjå emneplanar.
Innhald
I løpet av studiet lærer du om
- tradisjonelle teknikkar for framstilling av bruksform og bilde/skulptur
- bruk av digitale teknikkar innan bilde- og designområdet
- kunsthistorie og fagdidaktikk
Arbeidsformer
Aktiviserande arbeidsformer. Teoretisk innføring og praktiske demonstrasjonar. Individuelt arbeid og gruppearbeid.
For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Mappeeksamen, FOU-oppgåve, eksamensutstilling.
Internasjonalisering
Du har grunnlag for vidare studier ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.