Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Prioriteringsliste for søkjarar:
- Tilsetjing som lærar i norsk for vaksne innvandrarar i vaksenopplæringa.
- Tilsetjing som lærar i norsk for vaksne innvandrarar i grunnskule, arbeidsmarknadsbedrift eller studieforbund.
- Andre søkjarar som ikkje dekkjer det formelle opptakskravet, kan bli vurderte for opptak dersom det er ledig studieplass.
Søkjarar frå Nordland, Troms og Finnmark blir prioriterte i kvar av gruppene ovanfor.
Søknad skal dokumenterast med vitnemål og arbeidsattest som viser tilsetjing i vaksenopplæringa der det er aktuelt. Arbeidsattestar skal ha påført til-og frå-dato og stillingsdel.
Studiekode i Søknadsweb
8999
Om å søke opptak til HVL
Kven passar utdanninga for?
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.
Kva lærer du?
Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.
Vidareutdanninga består av to emne som byggjer på kvarandre, og du må ta haustemnet før du kan ta emnet som går om våren. Meir informasjon om emna og eksamen finn du her:
- UVN801 Norsk som andrespråk i voksenopplæringa, del 1
- UVN802 Norsk som andrespråk i voksenopplæringa, del 2
Studiet er særleg aktuelt etter at det i 2021 vart innført ny integreringslov med nye kompetansekrav til lærarar.
Vikar- og stipendordning
Lærarar som underviser i norsk etter introduksjonsloven kan søke om frikjøpsordning frå HK-dir for å ta denne videreutdanninga via Stipend- og vikarordning for lærarar som tek vidareutdanning i norsk som andrespråk - haust 2026/vår 2027 | HK-dir.
Søknadsfrist for frikjøpsordning er 16.mars 2026. Du søker sjølv om opptak til studiet ved høgskulen uavhengig av søknaden om frikjøp.
Praktisk informasjon
Undervisnings- og læringsform
Studiet er samlings- og nettbasert og går over to semester (haust og vår). Samlingane er obligatoriske og ein del av pensum på studiet. Det er forventa at studentane skal arbeida både på nettet og på eiga hand mellom samlingane. På samlingane vil det i hovudsak vera informasjon, forelesingar og ulike former for erfaringsutveksling.
Samlingsdatoar
UVN801 haust 2026
- samling: onsdag 26., torsdag 27. og fredag 28.august
- samling: onsdag 14., torsdag 15. og fredag 16.oktober
- samling: torsdag 19. og fredag 20.november
UVN802 vår 2027 - samling: onsdag 13. , torsdag 14. og fredag 15. januar.
- samling: onsdag 10., torsdag 11. og fredag 12.mars
- samling: torsdag 29. og torsdag 30. april
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs


