Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon, Bergen

Hausten 2023

Studiet bygger på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon som samordnar bachelorstudiane i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikra eit høgt fagleg nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp av obligatoriske emne på 1. og 2. studieår innan bedriftsøkonomiske fag, administrative fag, samfunnsøkonomiske fag, metodefag og etikk, samfunnsansvar og berekraft. Siste året av studiet får studentane moglegheit til å velja mellom ulike valemne i tillegg til at studentane arbeider med ein sjølvstendig bacheloroppgåve. Studiet er godt tilrettelagt for at studentane kan ta 4. semester i utlandet. Studiet er eit tverrfagleg og yrkesretta studium og kvalifiserer studentar til opptak ved økonomisk/administrative mastergradsstudiar i inn- og utland.

Læringsutbytte

Dei emnar som blir inkluderte i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå, definert i form av kunnskapar, evner og generell kompetanse:

KUNNSKAP

Kandidaten har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor det økonomisk-administrative fagområdet, herunder:

• korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder blir finansierte, korleis investeringar blir vurderte

• korleis økonomiske styringsverktøy blir brukte og korleis rekneskap blir utarbeidde, rapporterte og analyserte

• korleis verksemder utviklar og set i verk strategiar, korleis dei blir organiserte og leidde, samt korleis produkt og tenester blir marknadsførte og posisjonerte.

• korleis marknaden fungerer, korleis konsumentar og produsentar treffer vala sine og korleis desse blir påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår

• korleis verksemder blir starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventningar i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt tydinga til den nordiske arbeidslivsmodellen for arbeids- og næringsliv

• korleis verksemder utøver aktivitetane sine på ein etisk forsvarleg måte slik at dei ivaretar interessentane sine og samtidig fremmar FNs berekraftsmål

• har grunnleggande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapleg metode, samt forstår korleis metodiske verktøy blir brukte i samband med innhenting, organisering og analyse av data

• kjenner til fagområdas historie, tradisjonar, egenart, plass i samfunnet, samt forskings- og utviklingsarbeid

 

FERDIGHETER

Kandidaten kan nytta fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffa grunngitte val, herunder:

• innhenta, sortera og vurdera relevant informasjon

• analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelpa av eigna teori og empiriske metodar

• gjera ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analysar

• evner å kommunisera innhald i analysar, metodeval, resultat og føresetnader både munnleg og skriftleg

• kan nytta arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikkar og uttrykksformer

• kan vurdera ulike typar risiko og konsekvensar av avgjerder

• kan nytta ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemder fungerer

• kan integrera ansvarlighet og berekraftsomsyn i verksemders forretningsmodeller og praksis

 

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten:

• er bevisst eigne verdiar og korleis dette påverkar eiga åtferd og avgjerder

• viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon

• forstår korleis problemstillingar, prosessar og avgjerder påverkar og blir påverka av ressursar, kontekst og verdisett

• har grunnlag for å bidra til langsiktig verdiskaping for verksemd og samfunn

• har grunnlag for å operera i ein internasjonal arbeidsmarknad

• kan samarbeida i ulike kontekstar og på tvers av fagområde

• har grunnleggande forståing av IT-systemer og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping

• skal kunne bidra til å fremma verksemders innovasjons- og omstillingsevne i eit omskiftelig arbeidsmarknad

Innhald

Studiet består av grunnleggjande emner innanfor dei fem hovudområda under:

  • bedriftsøkonomisk analyse
  • administrative fag
  • samfunnsøkonomiske fag
  • metodefag
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

Gjennom studiet kan studentane i tillegg velje fag med relevans for studiet i økonomi og administrasjon basert på eigne ønskjer og interesser. 6. semester blir avslutta med ei gruppebasert bacheloroppgåve.

Studiet tilbyr fordjuping innan områda logistikk og rekneskap og skatt. Fordjupinga innan rekneskap og skatt kvalifiserar for utdanningskravet til autorisert regnskapsfører. I tillegg krevs 2 års relevant arbeidserfaring for å kunne søke om autorisasjon ihht. Anbefalt plan Bachelor i økonomi og administrasjon - profilering regnskapsfører vedtatt av UHR i 2019.

Arbeidsformer

Studiane blir dels baserte på førelesingar og rettleiing frå den faste lærarstaben til høgskulen, dels på sjølvstudiar og gruppearbeid. Vi legg vekt på å utvikla sjølvstende i arbeidet slik at studentane våre tar ansvar for eiga læring. Ekskursjonar og gjesteførelesingar inngår òg i studieopplegget.

I emne der det er obligatoriske arbeid (innleveringar eller laboratorieøvinger), må desse vere godkjente for at studentane skal få gå opp til eksamen. I fleire av faga blir innleveringane utførte ved hjelp av dataverktøy. Alle studentar må ha eiga berbar datamaskin. Studiet har sterkt innslag av datastøtta læring.

Undervisninga føregår i hovudsak på norsk.

Vurderingsformer

Vurderingsformene som blir brukt er mellom anna skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen og mappevurdering. Det kan også førekomme ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, som heimeeksamen og skuleeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som må vere godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaene består av bokstavkarakterene A-F eller bestått/ikkje bestått.

Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for å få nøyaktig informasjon av type vurdering som er vald.

Internasjonalisering

Studiet er lagt til rette for at du kan søke om utvekslingsopphald i 4. semester ved ein institusjon som instituttet har utvekslingsavtale med.

Organisering

Bachelorstudiet i økonomi og administrasjon er treårig, og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tar ein emne tilsvarande 30 studiepoeng. Alle studentar har eit felles opplegg første og andre studieår, med ei avgrensa moglegheit for valfrie emne det andre året.

I tredje studieår kan studentane velja emne ut frå ulike fagområde som vil gi grunnlag for val av tema til bacheloroppgåve.