Ungdommer sitter på en benk og ser på hver sin mobil

Praktisk ungdomssosiologi

Etter- og vidareutdanning

Ønskjer du auka kompetanse innan eksisterande ungdomsforsking? Vil du skape betre rammer for ungdomsinvolvering i praksis? I dette kurset får du kunnskap om ungdomssosiologiske problemstillingar som kan bidra med nye perspektiv i arbeidet med og for ungdom.  

Sogndal + digitalt

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse eller realkompetanse

    Om å søke opptak
    Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via Søknadsweb. Velg rad for «Vidareutdanning og halvtårsstudium». Etterpå velger du fra lista «Videreutdanning høst 2024». Trykk «Legg til» før du sender søknaden.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere Praktisk ungdomssosiologi? 

    I kurset Praktisk ungdomssosiologi går vi i djubden på teoriar, metodar og analysar kring dagens ungdomsgenerasjon. Her vil du lære om dei unge sine eigne perspektiv på relevante saksområde ved din arbeidsplass eller i ditt interessefelt. 

    Kva lærer du? 

    Ved å ta kurset får du ei bred innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar og korleis involvere kunnskap om desse i praksis.  Vi tek sikte på å orientere om ei rekke tema og problemstillingar som unge møter på i kvardagen.

    Koplinga mellom ungdomsforsking, ungdomsarbeid og ungdoms kvardagsliv vil vere sentral. Du vil lære om trendar og utviklingstrekk kring sentrale sosialiseringsinstitusjonar, ungdomsroller og identitetar, og korleis desse påverkar kunnskap om ungdomsliv, synet på ungdom og deira samfunnsdeltaking.

    Undervisninga vil vere bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat. 

    Les meir om kva du lærer i emneplanen

    Målgruppe 

    Praktisk ungdomssosiologi passer for deg som jobbar med og for ungdom, til dømes sosialfagleg, pedagogisk, strategisk eller politisk. Kurset er også ope for deg som har ei generell interesse kring ungdomskunnskap, eller ønskjer å jobbe innanfor dette feltet.  

    Ta gjerne kontak med oss, dersom du lurer på om dette passar for deg, eller du har tilsette som du ønsker skal ta dette emne.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Kurset har to fysiske samlingar fredag ettermiddag og laurdag på dagtid ved Campus Sogndal. I tillegg vil det vere digitale undervisningsøkter tre måndagar på ettermiddag/kveld. Det obligatorisk frammøte på samlingane i Sogndal, då desse har samanheng med obligatorisk arbeidskrav.

    Samlingar

    Det vil bli to to-dagars samlingar i Sogndal, til saman fire dagar i løpet av våren. I tillegg vert det tre digitale samlingar på ettermiddag frå kl. 17.00-19.00.

    Pensum

    Litteraturliste vert tilgjengeleg før søknadsfrist.

    Eksamensform

    Individuell munnleg eksamen (30 min) som gjennomførast digitalt. Eksamen består av ein presentasjon av eit refleksjonsnotat med påfølgande utspørjing.   

    Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd 

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs