Hopp til innhald

Studieplan - Realfagskurs nett- og samlingsbasert (deltid)

Hausten 2023

Dette er eit kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Kurset blir gjennomført på deltid, via ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar, og lar seg kombinere med jobb.

Samlingane går føre seg ved studiestaden studenten får opptak til (Bergen, Førde eller Haugesund).

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk og fysikk på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgre teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om faga sitt grunnlag for høgare teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
  • Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
  • Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.
  • Kandidaten har kjennskap til programmering og algoritmisk metode.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for videre val.

Innhald

Realfagskurset tilsvarar 60 % av forkurset som har eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Realfagskurset tilsvarer difor om lag 1000 klokketimar, Med omfang meiner ein her studenten sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre studentar, øvingar, førebuing og gjennomføring av prøvar osv.

Følgjande fag inngår:

Matematikk med eit omfang på 37,5 % av eit heilt år

Fysikk med eit omfang på 22,5 % av et heilt år

Arbeidsformer

Digital/nettbasert undervisning i tillegg til åtte samlingar med undervisning og regneøvingar i klasserom. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Faga har obligatoriske innleveringar. I samband med labundervisning vil også ei av samlingane i vårsemesteret være obligatorisk.

Vurderingsformer

Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A - F, der F svarer til ikkje bestått). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne.

Organisering

Dette er eit realfagskurs som går på deltid over eit år med oppstart i august. Arbeidsmengd er 60 % av eit fulltidsstudium. Samlingane vil vere om lag ein gang kvar månad på våre campus.