Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i rusproblematikk
Hausten 2019
Innhald: 5 emne på til saman 60 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne
Praktisk informasjon om studiet: Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus.
Profilering: Meistring, myndiggjering og relasjonskompetanse
Målgruppe: Personar i privat og offentlig sektor som arbeidar med rusproblematikk
Læringsutbytte
Kunnskap:
Kandidaten:
- har avansert rusrelatert kunnskap om utfordringar inn mot forebyggjing og helsefremming
- har inngåande kunnskap om korleis rusmiddelbruk- og avhengighet påverkar enkeltmenneske og familiane deira
- har inngåande kunnskap om modellar for samhandling med brukarar/pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Ferdigheter:
Kandidaten:
- kan identifisere, vurdere og setje i verk faglig forsvarlige tiltak for helsefremming, forebyggjing og behandling
- kan syne forståing og respekt for menneske med rusproblematikk, deira livserfaring og livssituasjon
- kan fremme betring, livskvalitet og meistring hos rusmisbrukarar med psykiske lidingar
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan ta initiativ til tverrfaglig/tverretatlig samarbeid for å drøfte faglige problemstillingar og konklusjonar
- kan formidle eigen kunnskap og tilkjennegi eigne ferdigheter i ulike yrkessammenhengar
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar på individ- og samfunnsnivå
- kan analysere og handle i samsvar med rammevilkår med relevans til eigen yrkeskontekst
FoU-basering: Høgt nivå på pensumlitteratur. Forelesarar med fyrstekompetanse. Forelesarar frå eigen institusjon og frå kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsformer
Arbeids- og undervisningsformer: Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.
Praksis: Tverrfaglige rettleiingsgrupper gjennom heile studiet
Vurderingsformer
Heimeeksamen og oppgåve
Organisering
Studieplan:
RUS6101 Rusrelatert sosial- og helseproblematikk
RUS6202 Perspektiver på helsefremming, forebygging og behandling innen rusproblematikk
VIT6202 Vitenskapsteori, metode og etikk
RUS6103 Samtidige rus- og psykisk lidelser (ROP)
RUS6104 Brukerstyring og samhandling mellom tjenestenivå