Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og 2 år relevant praksis
Studiekode i Søknadsweb
8974
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere sakprosa som skrivekunst og formidling?
Levande sakprosa er ikkje berre ei form for skriving – det er ei kunst å formidle viktige og komplekse emne på ein engasjerande og forståeleg måte. Med dette kurset kan du utvikle dine evner til å formidle kunnskap på ein meir inspirerande og effektiv måte.
Kva lærer du?
Gjennom studie av levande sakprosa lærer du praktiske tilnærmingar til det å skrive om fag til eit allment publikum. Levande sakprosa er en ein sakprosa som engasjerer lesaren ved sine tekstlege kvalitetar.
Du lærer mellom anna korleis du skal kunne gje konstruktive tilbakemeldingar på idear og utkast til sakprosaiske tekstar, diskutere svakheiter og styrker i ein sakprosaisk tekst, og korleis skrive ein sakprosaisk tekst.
Her kan du lese meir om emne og eksamen.
Målgruppe
Kurset rettar seg mot alle som ønskjer å skrive levande sakprosa. Søkarane kan komme frå alle fagfelt og det krev ingen erfaring med å publisere sakprosa for eit allment publikum. Det er ein fordel at søkarane har gode kunnskapar om sitt fagområde. Bibliotekarar, arkivarar, journalistar, historikarar, lærarar og litteraturvitarar oppfordrast til å søke. I løpet av kurset vil studentane sjølv utvikle eit sakprosaisk prosjekt.
Undervisningsform
Førelesing, seminar og skriftleg arbeid.
Kurset er samlingsbasert. I løpet av semesteret blir det gjennomført tre samlingar fysisk ved Campus Bergen. Samlingane er ein kombinasjon av førelesingar og praktisk arbeid med eigne tekstar.
Samlingsdatoar
Informasjon om samlingsdatoar blir oppdatert her.
Studieavgift og betaling
Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytta til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.
