Utvikling og forvaltning av bygg og eigedom

Vidareutdanning på bachelornivå

Dette studiet er tilrettelagt for deg som skal utvikle eller vere ansvarleg for drift av eigedom. Studiet er bygd opp av to enkeltemne: eit om teknisk forvaltning og eit om juridisk og økonomisk forvaltning.

Bergen

Hopp til

    Påmelding via Norges Eiendomsakademi

    Kvifor studere utvikling og forvaltning av eigedom?

    Teknisk, juridisk og økonomisk kompetanse er etterspurd i eigedomsbransjen. Studerer du eigedomsutvikling vil du tileigne deg grunnleggande kompetanse om byggtekniske fag, arkitektur, landskapsforvaltning og miljøforvaltning. Du vil lære å forvalte og fornye eigedom på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte. Du vil dermed spille ein viktig rolle i arbeidet for økt lønnsemd og samfunnsriktig utnytting av eigedom. 

    Korleis er studiet bygd opp og kva lærer du?

    Studiet består av to enkeltemne på 15 studiepoeng kvar. Du kan velje om du vil ta eitt eller begge emna. Les meir i emneplan om kva du lærer og eksamen: 

    TAK801 Utvikling av eigedom: juridisk og økonomisk forvaltning (hausten 2025) 

    • Teori om kva eigedom er, eigedomsgrenser og informasjonssystemet for eigedom
    • Lovsystemet rundt etablering og utbygging av eigedom
    • Verdsetting av eigedom, erverv av eigedom og finansmatematikk
    • Analysemetodar for eigedom med bruk av digitale tenester

    TAK802 Teknisk forvaltning: Bygningsfysikk, FDVU og ombygging (våren 2026)

    • Teori om kva eigedom er, eigedomsgrenser og informasjonssystemet for eigedom
    • Lovsystemet rundt etablering og utbygging av eigedom
    • Verdsetting av eigedom, erverv av eigedom og finansmatematikk
    • Analysemetodar for eigedom med bruk av digitale tenester

    Målgruppe

    Studieprogrammet er utvikla i samarbeid med Norges Eiendomsakademi og kan gjennomførast på deltid kombinert med jobb. Studiet passar for deg som ønsker økt kompetanse innan utvikling og forvaltning av eigedom. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    I kvart emne blir det heldt to samlingar som går over 3 dagar. Fysisk oppmøte er anbefalt, men det er òg mogleg å delta digitalt via Zoom. I tillegg kjem eigenstudiar, innlevering av obligatoriske øvingsoppgåve og arbeid med avsluttande prosjektarbeid/semesteroppgåve. 

    Samlingsdatoar

    Vi kjem tilbake med meir informasjon om samlingsdatoar for TAK802 vår 2026

    Samlingsdatoar for TAK801 haustsemesteret 2025:

    1. samling (veke 37)
      10. september (10:00-18:00)
      11. september (08:15-18:00)
      12. september (08:15-15:30)

    2. samling (veke 48)
      26. november (10:00-18:00)
      27. november (08:15-18:00)
      28. november (08:15-15:30)

    Studieavgift

    Studieavgifta er på kr. 35 000,- pr. emne, og inkluderar sjølve studiet. 

    Studieavgifta betalast til NEAK, som er oppdragsgjevar på desse emna.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs