Studieplan - Rettleiarutdanning
Hausten 2025
Mange lærarar i skulen og barnehagen opplever at rettleiing blir stadig meir relevant for ulike oppgåver i kvardagen. Studiet har derfor som mål å gi innsikt og forståing for korleis rettleiing kan bidra til personleg vekst og kollektive utviklingsprosessar i skule og barnehage.
Utdanninga kvalifiserer deg både til å vere praksislærar for lærarstudentar og vidare til å kunne vere mentor for nyutdanna lærarar. Studiet har ei tydeleg praktisk forankring og tek utgangspunkt i deltakarane sine eigne rettleiingsoppgåver og erfaringar i skule og barnehage.
Studiet er nett-, samlings- og arbeidsplassbasert.