Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad i bioingeniørfag
- Karaktersnitt på minst C
Slik søker du:
- Logg inn i SøknadsWeb.
- Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
- Velg «Ingeniør, maritim og klima».
- Trykk på «Søk» under «Videreutdanning vår 2026».
- Velg studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode under).
- Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
- Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.
Søknadskode:
BIO504 Litteratursøk og akademisk skriving: søknadskode 5507
BIO502 Avanserte medisinske laboratorieanalyser: 5508
Om å søke opptak til HVL
Kvifor ta vidareutdanning som bioingeniør?
Som bioingeniør opplever du stadig aukande krav til effektivisering og kvalitetssikring samtidig som du skal halde deg oppdatert på ny teknologi. Ei vidareutdanning hjelper deg til å vidareutvikle din bioingeniørfaglege kompetanse.
Kva lærer du?
Du lærer om kvalitetssikring og ny teknologi i dei medisinske laboratoria. Studiet har ei forskingsbasert tilnærming der du som student vert utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritisk og evaluerande.
Du kan velje mellom fire bioingeniørfaglege emne (totalt 45 studiepoeng) på masternivå. Du vel sjølv kor mange studiepoeng du vil ta og kva emne som er relevante for deg.
Alle emna har nettbasert undervising. Nokre emne har i tillegg ein til to fysiske samlingar i Bergen. Dette gjer at studiet er tilgjengeleg for bioingeniørar frå heile landet og kan kombinerast med jobb i ein hektisk kvardag.
Om du trivst som student og vil ta meir utdanning, kan du seinare søkje opptak til Master i Medisinsk laboratorieteknologi der alle desse emna er godkjende som del av studieplanen.
Emne vi tilbyr våren 2026
Emnet vi tilbyr hausten 2025
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs

