Kontakt oss for samarbeid

Har di verksemd behov for kompetansehevande tiltak? Høgskulen tilbyr fleksibel utdanning som kan kombinerast med jobb. Vi tilbyr både opne vidareutdanningar og utdanning på oppdrag for verksemder og organisasjonar.

Kva kan vi tilby

Høgskulen på Vestlandet samarbeider med samfunns- og næringsliv om fleksibel utdanning og kompetanseutvikling. Vi leverer både korte bedriftsinterne kurs og foredrag, emne og lengre utdanningstilbod på oppdrag.

Verksemder kan også vere samarbeidspartnarar i prosjekt finansierte av offentlege midlar, til dømes gjennom Bransjeprogram eller andre kompetanseutviklingsprosjekt. Som oppdragsgjevar eller samarbeidspartnar kan verksemder bidra i ut

viklinga av studietilbod, slik at dei blir tilpassa kompetansebehova i verksemda.

Mange verksemder nyttar også dei opne vidareutdanningstilboda våre for å styrkje kompetansen til tilsette. Sjå oversikt over studietilboda våre her.

Vil du vite meir om kva vi kan tilby di verksemd?
Kontakt oss for meir informasjon.

Kontakt oss!

bilde av Lena Strandheim

Lena Strandheim

Ta kontakt med Lena for oppdrag innan teknologi, miljø- og samfunnsvitskap

bilde av Hilde Albertine Gjertsen

Hilde Albertine Gjertsen

Ta kontakt med Hilde for oppdrag innan økonomi, administrasjon og maritim næring.

bilde av Thorbjørn Martin Kaland

Thorbjørn Martin Kaland

Ta kontakt med Thorbjørn for oppdrag innan teknologi, ingeniørfag og naturvitskap

bilde av Linda Thue Lydersen

Linda Thue Lydersen

Ta kontakt med Linda for oppdrag innan helse- og sosialvitskap.

bilde av Birthe Berven Dahle

Birthe Berven Dahle

Ta kontakt med Birthe for oppdrag innan lærarutdanning, kultur og idrett.

bilde av Lise Jamt Tønjum

Lise Jamt Tønjum

Ta kontakt med Lise for oppdrag innan lærarutdanning, kultur og idrett.