Alle midlertidige stillingar i prosjektet er no besett

Vi ønskjer Catharina Caspara (Katinka) Vloon, Ingrid Knutsdotter Koren og Julien Vollering velkomne i dei tre midlertidige stillingane i prosjektet Repeat.

Ingrid Knutsdotter Koren ser på seg sjølv som ei «potet» med brei tverrfagleg bakgrunn innan alt frå språk, økonomi og samfunnsvitskap, til naturvitskap og teknologi. Ingrid har mastergrad i Climate Change Management (HVL, 2021) og er spesielt oppteken av korleis vi kan balansere våre behov for økonomisk, teknologisk, og sosial samfunnsutvikling mot naturen sine tolegrenser, særleg frå eit psykologisk synspunkt. Ingrid vil hovudsakleg vere knytt til arbeidspakke 2, som dreier seg om arealbruk i hytte- og vegutbygging.

Catharina Vloon, eller Katinka som ho føretrekkjer å bli kalla, kjemr opphaveleg frå Nederland. Ho er ei sprek dame, så då ho flytta frå Nederland til Noreg for å ta mastergrad i økologi ved NMBU i Ås i 2018, gjekk reisa med sykkel. Ho har mastergrad frå NMBU (2021) og er spesielt interessert i vegetasjonsøkologi, naturrestaurering og menneskeleg åtferd. Katinka vil arbeide med økologisk restaurering av myrområde i arbeidspakke 4.

Til slutt har vi Julien Vollering, som er tilsett i postdoc-stillinga. Saman med Stein Bondevik skal han leie arbeidspakke 1, som fokuserer estimering av karbonlager i torv. Julien har røter i Nederland, men vaks opp i USA. Han har studert i begge land (Berkeley, USA og Leiden, Nederland), og har en PhD i økologi frå Universitetet i Oslo (2022, samarbeid med HVL) der han modellerte utbreiinga av framande bartre i Noreg. Julien har slått seg ned i vakre Hafslo, der han bur saman med familien sin.